Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar - 100% fast og inntil 500% vikariat
Frist
02.03.2025

Beskrivelse

Ved Os ungdomsskule har vi inntil 600% ledige undervisningsstillingar.

Inntil 150% vikar på huset
Inntil 350% vikarstillingar
100% fast stilling

Vi søkjer etter engasjerte lærarar som vil bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat for elevane.

Kva vi kan tilby:

  • Eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø med fokus på skuleutvikling og trygge oppvekstvilkår.
  • Klare satsingsområde: livsmeistring for alle, arbeid med nærvær og fråvær, rammer for lesing og implementering av LK20.
  • God oppfølging for nyutdanna lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Om skulen:
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har 70 tilsette og 487 elevar fordelt på 5–6 klassar per trinn. Skulen sitt verdigrunnlag er bygd på tre sentrale fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Vi jobbar målretta med oppdraget i LK20 for å fornye verdigrunnlaget og prinsippa for læring, samt vidareutvikle klasseromspraksisen.

Vi søkjer deg som:

  • Har eit sterkt engasjement for elevane si læring og trivsel.
  • Bidrar til å skapa eit inkluderande og trygt skulemiljø.
  • Har kompetanse og interesse for å utvikle undervisninga i tråd med skulen sine satsingsområder.

Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet, arbeid mot enkeltelevar og elevgrupper.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stilling.

Eigenskapar
Vi søkjer deg som er ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidrar til inkludering og eit godt læringsmiljø.
Du har god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar.
Du er fleksibel, har gode samarbeidsevner og ønskjer å delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som:

  • Er tydelege og engasjerte klasseleiarar og rollemodellar.
  • Bidrar aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Er framtidsretta innan digital opplæring.
  • Er fleksible og har evne til å finna gode løysingar.
  • Har gode samarbeidsevner og skapar positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.

Kompetansebehov:
Skulen har særleg behov for lærarar med kompetanse i:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Musikk
  • Tysk.

 Det er også ønskjeleg med kompetanse i spesialpedagogikk, samt praktisk estetiske fag

  • kunst og handverk
  • mat og helse
  • kroppsøving 

Vurdering og intervju:
Søkjarar blir vurderte basert på personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.

Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Løn etter gjeldande avtalarVi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

For undervisningsstillingar kan du lesa meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke.
Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

  


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Oshaugen 6, 5202 Os
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
393288676
Sist endret
12. feb. 2025 07:09