Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule
- Stillingstittel
- Undervisningsstillingar - inntil 100% fast og 100% vikariat
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledige undervisningsstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.2025.
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule. Skulen vår ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2025-2026 vil skulen ha om lag 470 elevar. Verdigrunnlaget vårt bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Oppdraget i Kunnkapsløftet 2020 er sentralt i vårt arbeid med å fornya verdigrunnlaget, prinsipp for læring og arbeidet i klasserommet. Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen, og vi organiserer opplæringa i basisfaga med delte klassegrupper.
Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no
Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stilling.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital opplæring
- er fleksibel og har evne til å finna gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skapa gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk og tysk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen<
For undervisningsstillingar kan du lesa meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Antall stillinger
- 2
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 393288886
- Sist endret
- 12. feb. 2025 07:27
Mer som dette
