Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstilling inntil 100% fast
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig inntil 100% fast stilling som lærar ved Fusa ungdomsskule.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. 
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen.
Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2024 - 2025 er det 140 kjekke elevar, og eit utviklingsorientert og humørfylt personale på skulen.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet. Kontaktlærarfunksjon kan vere aktuelt.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.

Skulen har særleg behov for kompetanse innan: kroppsøving, norsk, arbeidslivsfag, kunst & handverk, mat og helse, tysk, matematikk.
Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til skulen sine behov og personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø.
Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; SPK.no - Statens pensjonskasse

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
393289468
Sist endret
12. feb. 2025 07:20