Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Søre Øyane barneskule
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling 40% vikariat
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi har ledig eit vikariat i 40 % undervisningsstilling i perioden 01.08.25-31.07.26.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Søre Øyane barneskule ligg idyllisk til på Sundøy, sørvest for Osøyro. Vi ligg i eit maritimt miljø, med gode mogelegheiter for aktivt bruk av naturen. Vi er 121 elevar fordelt på 1.-7. trinn, og 22 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Som vaksne møter vi difor kvart barn med respekt og omsorg, og er gode rollemodellar for dei. På Søre Øyane barneskule søker vi heile tida å utvikle oss i eit engasjert profesjonsfellesskap.
I våre klasserom skal det vere rom for alle og blikk for den einskilde. Samhald og meistring er slagordet vårt, og gjennom det ønsker vi å legge til rette for kollektive læringsopplevingar for store og små. Saman med FAU, lokalt idrettslag og barnehage jobbar vi i prosjektet "Saman er vi best", med mål om å skape eit godt oppvekstmiljø for alle.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på ulike årssteg.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med undervisningskompetanse for 1.-7. trinn. Vi treng lærarar med kompetanse og erfaring frå heile barneskulen og alle fag. Det er særleg ønskeleg at ein har gode digitale ferdigheiter.
Skulen oppmodar også lærarstudentar til å søkje. Ein må vere engasjert i skuleutvikling, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar og godt humør. Som vår nye kollega må du kunne bidra til å oppretthalde eit helsefremmande arbeidsmiljø og kunne legge til rette for eit godt samarbeid med dei føresette.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Røtingavegen 45, 5216 Lepsøy
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 393289555
- Sist endret
- 12. feb. 2025 07:22