Badevakt

Arbeidsgiver
Hå kommune Nærbø ungdomsskule
Frist
15.05.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Nærbø ungdomsskule ligg i Hå kommune. Ved skulen er det omlag 330 elevar og 45 tilsette. Skulen har symjebasseng som på dagtid vert nytta av alle skulane på Nærbø og Varhaug ungdomsskule. På ettermiddagstid vert bassenget nytta til offentleg bading av bygda, i tillegg har symjeklubben faste tider på kveldstid. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.

Det er ledig eit vikariat i 12,69 % som badevakt på ettermiddagstid skuleåret 2025-26 (14.08.25-20.06.26).

Arbeidstida
Måndag kl 17.30-19.30 (familiebading)
Torsdag kl 17.00-20.30 (gutar 10-16 år kl 17.00-18.00 og menn over 16 år kl 18.00-20.30).

Den offentlege badinga følger skuleruta med tanke på opningstider, fridagar og feriar.

Arbeidsoppgåver
- Du har tilsyn med dei som badar og sørgjer for at det ikkje oppstår farlege situasjonar
- Du vedlikeheld sikkerheit- og redningsutstyr og sikrar at dette er klar til bruk
- Du tek imot betaling
- Du sørgjer for at reglar blir haldne i garderobar og i symjehallen
- Du handterer ulykker og andre uønska situasjonar

Kvalifikasjonar
- Du er i god fysisk form og har gode symjeferdigheiter
- Du kan stupa og dykka
- Du har teke eller må ta livrednings – og førstehjelpskurs dette året. Det er skulen
behjelpeleg med å leggje til rette for
- Du må kunna halda roen om kritiske situasjonar oppstår

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Torlandsvegen 2, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Kundeservice
FINN-kode
393295180
Sist endret
12. feb. 2025 08:16