Inaktiv
2 gongs utlysing :Nattevakt i heimetenesta 2 x 70 % stillingar
- Arbeidsgiver
- Eining for velferd, Nissedal kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 07.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søkjer etter deg som kan tenke å jobbe på natt i heimetenesta. Me har ledig 2 x 70 % sjukepleie stillingar med arbeid kvar 3 helg. Nattevaktane er 11 timar, så du vil ha friperiodar, kor du kan jobbe på dag eller kveld i andre avdelingar, dersom det skulle vere aktuelt. Du vil inngå i det øvrige nattevakts teamet på Nissedal omsorgssenter, slik at der er 3 nattevakter på jobb kvar natt.
Eininga har årsturnus, kor du er med å lage din eiga turnus utfrå dine behov.
Me ynskjer deg med på laget og håpar DU søkjar på stilinga.
Arbeidsoppgåver
- Gi helse og omsorgstenester til heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret
- Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta, og syte for fagleg forsvarlege tenestar
- Systematisk oppfylging av brukarar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ynskjeleg med erfaring/ vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- Førarkort kl. B
Personleg egnahet vektleggjast
Personlege eigenskapar
Du er:
- Positiv og samarbeidsvillig og behandlar brukarar, pårørande og kolleger med respekt
- Fleksibel og løysingsorienter
- Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevnar
- Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar og eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med varierte arbeidsoppgåver
- Stabil og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
- Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdaning og intern kompetanseheving
- Me har studieordningar for studentar, dersom ein er villig til å inngå avtale om 2 års binding etter end utdanning
- Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
- Eiget tillegg for nattevaktane, som per i dag er 25.000,- pr 100 % stilling
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619Arbeidsstad
Treungvegen 3983855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4921797398
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 07.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Treungvegen 398, 3855 Treungen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 393339846
- Sist endret
- 12. feb. 2025 02:25