Barne- og ungdomsarbeider, Assistent

Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst, barnehage
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, Assistent
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Barnehagane i Vanylven er plassert på Åheim og i Syvde, og har begge to avdelingar.

Dei ligg fint til med nærleik til natur og turområde. Vi har god bemannings og pedagogtettleik, ein dekk opp ubunden tid for pedagogane og vi har ein ekstra planleggingsdag per år.

Kunne du tenke deg å vere ein del av vårt dyktige team? Har du lyst å gjere ein forskjell for barn i Vanylven? Ønskjer du ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg.

Vi har ledig to faste stillingar på inntil 200 % med oppstart 15.august 2025.


Arbeidsoppgåver

Pedagogisk og praktisk arbeid med barn i alder 0-6 år (i høve stillingsinstruks). 

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant kompetanse.

Praksiserfaring frå barnehagefeltet.

Kompetanse og erfaring innanfor estetiske fag som musikk, drama og forming.

Gode digitale ferdigheiter.

God munnleg og skriftleg framstillingsemne.

Ønskje om kompetanse og erfaring med ASK, hørselsutfordringar, tospråklege barn og jobbe ein-til-ein. 

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner.

Fleksibel, omgjengeleg og imøtekomande.

Sjølvstendig, målretta og strukturert.

Positivt menneskesyn.

Gå godt i lag med barn.

Sjølvstendig og initiativrik.

Vi tilbyr

Ein ekstra planleggingsdag i løpet av året, totalt 6 dagar.

Plantid er dekka av assistentressurs.

Godt fagleg fokus og samarbeid på tvers av barnehagane.

Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

God pensjonsordning.

15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, innt kr. 28.000, - pr. år.

Viser vidare til lønnspolitisk plan. 

 

I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse ved gode relasjonar og med mål om å meistre eige liv. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles barnehagesektor i utvikling.

Kontaktinformasjon

Ingvill Lillebø Slettestøl, Barnehagefagleg ansvarleg, +47 90271668

Tove Ekremsæter, barnehagestyrar, 91719006

Åsgunn Stewart, Styrar Syvde barnehage, 90801663

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4916568803

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 15.08.2025

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
393348408
Sist endret
13. feb. 2025 06:44