Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 26.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du ei ekstra interesse for å arbeide med barn og unge? Vi har ledige faste stillingar for sjukepleiar!
Vi skal åpne Barnesengepost på SNR Hjelset og har behov for flere tilsette. Nå søkjer vi etter nye sjukepleiarar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen og som vil vidareutvikle vår seksjon. Vi skal ta i mot barn og unge fra 0-18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge.
Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved intern omrokkering.
Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med på innflytting i Norges mest moderne sjukehus på Hjelset våren 2025.
Vi ønskjer søkjarar både frå Nordmøre og Romsdal. Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg!
Du er velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver til dei unge og håpefulle
- Opplæring og rettleiing til pasientane og deira pårørande
- Samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagmiljø
- Handtering av medikament og god dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vi håper at du har erfaring frå pasientgruppa
- Det er ein fordel om du har god IT-kompetanse
- For arbeid med denne pasientgruppa må det framleggast politiattest
Personlege eigenskapar
- Ein kreativ og tålmodig lagspelar
- Spesiell interesse for barn og unge
- Du er dyktig til å kommunisere med pasientane
- Vi ser etter ein kandidat som er godt egna til pasientgruppa
Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Eit flott arbeidsmiljø der ein samarbeider godt mellom faggruppene
- Arbeid med ei spennande pasientgruppe
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, +47 71121558, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4918711192
Stillingsprosent: 50, 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 26.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 393349110
- Sist endret
- 13. feb. 2025 06:50
Mer som dette


