Sommarvikar - Informasjonsavdelinga
- Arbeidsgiver
- Kvinnherad kommune lnformasjon og innbyggjarervice
- Frist
- 03.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi søkjer
Er du student, nyutdanna eller ønskjer å skaffa deg nyttig arbeidserfaring? Det er ledig sommarjobb i informasjonsavdelinga. Vi søkjer etter sommarvikar i perioden 1.juni - 31.august. Informasjonsavdelinga yter tenester til heile kommunen, både til innbyggjarar, politikar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Sentralbordteneste
Resepsjonsteneste
Posthandsaming
Kundehandsaming
Arkivteneste
Informasjonsarbeid
Andre oppgåver innanfor avdelinga sitt arbeidsområde etter behov
Arbeidsstaden er Kvinnherad rådhus, Rosendal.
Kvalifikasjonar
Du er tilgjengeleg for arbeid i perioden som er utlyst. Her kan ein vere noko fleksibel på tidlegare/seinare oppstart om det passar med ferieavvikling for avdelinga.
Arbeidserfaring vil vera ein fordel, men ikkje naudsynt.
Evne og motivasjon til å setja seg inn i nye oppgåver
Du må kunne planleggja og disponere tida godt.
Personlege eigenskaper
Fleksibel og løysingsorientert
Ansvarsfull og nøyaktig
Serviceinnstilt
Gode digitale ferdigheiter
Sjølvstendig, med evne til å samarbeida med andre
Det vil bli gitt naudsynt opplæring. Arbeidet krev god organisering og høg grad av sjølvstendig arbeid. Personlege eigenskapar vil difor vege tungt i vurderinga.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Kundeservice, Konsulent
- FINN-kode
- 393437447
- Sist endret
- 13. feb. 2025 08:20