
Barnehagelærar og pedagogisk leiar
- Arbeidsgiver
- Aurland kommune
- Stillingstittel
- Barnehagelærar og pedagogisk leiar
- Frist
- " "
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me har ledig tre 100% faste stillingar frå komande barnehageår:
- pedagogisk leiar i Aurland barnehage
- pedagogisk leiar i Flåm barnehage
- barnehagelærar i Flåm barnehage
Flåm barnehage ligg fint til inst i Aurlandsfjorden på Lunden. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. I denne barnehagen er to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.
Aurland barnehage var ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 51 barn.
Aurland kommune søker etter engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse. Me vil at barna våre skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne i barnehagen.
I barnehagen bør barna få ulike opplevingar og utfordringar, samt at dei føler meistring. Kan du bidra til dette, og ynskjer det beste for barna, vil me gjerne ha deg med på laget.
Rekrutteringstilskot
Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av barnehagelærarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som barnehagelærar.
Arbeids- og ansvarsområde
Stillingane har litt ulike arbeidsoppgåver som du ser under.
Barnehagelærar:
- delansvar for barnehagefaget
- kan få ansvar for faglege oppgåver
- ha eit medansvar for endringar og utviklingsarbeid
- halde deg fagleg oppdatert og utføre arbeidet etter rammeplan, årsplan, samt gjeldane lover og forskrifter
Pedagogisk leiar:
- ha ansvar for dagleg drift og planlegging av aktivitetar
- ha medansvar for endringar og utviklingsarbeid
- vere ein del av det pedagogiske teamet
- gi omsorg og trygge rammer til barna i samarbeid med resten av personalet
- vere ein god leiar og vere med å styrke det faglige miljøet i barnehagen
- ha ei aktiv rolle i planlegging, gjennomføring og evaluering av barnehagen som ei pedagogisk verksemd
- kommunisere og samarbeide med foreldre og føresatte
- halde deg fagleg oppdatert og utføre arbeidet etter rammeplan, årsplan, samt gjeldande lover og forskrifter
- bidra til, og ta ansvar for, eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- godkjent utdanning som barnehagelærar / førskulelærar
- anna tre-årig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikk
- erfaring frå arbeid i barnehage. Me gir deg god opplæring om du er nyutdanna
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- pedagogisk leiar får kr 40 000 i auka grunnløn
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet
- god ordning for etter- og vidareutdanning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
Treng du barnehageplass, er frist for å søke plass i komande barnehageår 15.03.25
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIPersonlege eigenskapar
Barna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:
- er ein engasjert pedagog
- er løysingsorientert
- vil bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel og endringsvillig
- har evne til å rettleie
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- krav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Lunden, 5743 Flåm
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 393459302
- Sist endret
- 13. feb. 2025 10:54
Mer som dette


