Postdoktor i marin karbonsyklus

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor i marin karbonsyklus
Frist
06.03.2025

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w
Postdoktorstilling 

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei postdoktorstilling innan marin karbonsyklus. Stillinga er eit åremål på 3 år og er knytt til forskingsgruppa marin biogeokjemi og Bjerknessenteret for klimaforskning. Stillinga er finansiert av prosjekta ICOS-3 og NUBICOS, som er finansiert av Noregs Forskningsråd og av Horizon Europe.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

ICOS er ein forskingsinfrastruktur for å talfeste korleis hav og økosystem på land tar opp CO2 frå lufta og dempar klimaendringane. Formålet til NUBICOS er å betre tilgang til, nytteverdi og bruk av data frå ICOS. 

Vi søkjer ein svært motivert postdoktor som skal:

  • Kombinere data frå ICOS målenettverket, data frå ulike satelittar og marine reanalyseprodukt ved hjelp av maskinlæring, for å tallfeste CO2 opptak i Nord-Atlanteren og Dei nordiske hav.
  • Avklare størrelsen på og årsaker til mellomårlig variasjon i dette CO2 opptaket. 
  • Ha det vitskapelege oversynet med eit målesystem for CO2 deltrykk i sjøvatn, montert ombord lastefartøyet Tukuma Arctica som går i linjefart mellom Danmark og Grønland, sikre at dataene er av god kvalitet og blir gjort tilgjengelege for the Global Carbon Budget og andre vitskapelege formål.
  • Vere med på å sikre at metodane for å berekne CO2 opptak blir tilgjengelege gjennom ICOS sin Carbon Portal.
  • Vidareutvikle ein metode for å kalibrere oksygensensorar basert på måling av oksygeninnholdet i luft.

Den som vert tilsett vil vere ein del av forskingsgruppa i biogeokjemi ved Geofysisk institutt, av forskingstemaet for Karbon ved Bjerknessenteret for klimaforskning, og forventast også å ta aktivt del i forskingssamarbeid i ICOS-3 og NUBICOS. Det er i tillegg forventa at søkjarar har sterk motivasjon til  å utføre forsking på eit høgt internasjonalt nivå.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. -grad eller tilsvarande utdanning innanfor marin biogeokjemi, oseanografi eller liknande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Særs god forståing av den marine karbonsyklusen, spesielt rundt prosessane som styrer CO2 deltrykk i overflatevatn og luft-hav CO2 utveksling er eit krav.
  • Erfaring med og omfattande forståing av metodar for måling av marin karbonkjemi er eit krav.
  • Søkjarar må beherske MATLAB eller Python og være i stand til å gjennomføre avansert dataanalyse med desse verktøya.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med instrumenter for målingar av CO2 deltrykk i overflatevatn er ein fordel. 
  • Inngåande kunnskap om og stor interesse for både parametrisk og ikkje-parametrisk regresjon, spesielt som nytta for å interpolere marine karbondata, er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskningsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.  


Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. 

Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og opptil 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). 

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.   

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 


Vi tilbyr
  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt og sterkt fagmiljø.
  • stilling som postdoktor (kode 1352 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500 ,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. 
  • ei kort utgreiing av søkjaren sine kvalifikasjonar med vekt på punkta gitt over. 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar.
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Are Olsen, Geofysisk institutt, are.olsen@uib.no eller professor Truls Johannessen, truls.johannessen@uib.no 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Maria Svåsand, maria.svasand@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Allegaten 70, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
FINN-kode
393478545
Sist endret
13. feb. 2025 12:40