Er du vår nye teamsjukepleiar med hjarte for omsorg?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter
Stillingstittel
Teamsjukepleiar
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker Teamsjukepleiar til avdeling Korttid-rehabilitering, Ølen omsorgssenter.

Me søker deg som er genuint interessert i eldreomsorg og som brenn for å heva kompetansen i tenesta. Du liker å veilede og å delegere, og du trives med å gjere andre tilsette gode.

Ølen omsorgssenter gir tenester til somatisk langtid og korttid/rehabilitering. Me har eige kjøkken som lagar mat til pasientane våre, samt ein tilsynslege i 50% stilling.

 

Kva får du jobba med hos oss?

Stillinga er med arbeid på dagtid og 3 kvar helg. 

Ølen omsorgssenter arbeider med forbetringsarbeid med grunnlag i Tørn i form av oppgavedeling, samt bruken av kompetanse og ressursar. Me har eit nyoppretta sjukepleiarteam, som er med på å knytte tenestene me gir og huset saman. Me ønsker å videreutvikle sjukepleiarteamet, og håpar du vil være delaktig i dette. Vårt mål er å gi pasientane våre dei beste tenestane slik at dei pårørande føler seg ivaretatt på ein trygg og god måte. Ein arbeider ope, og er opptatt av å skape motivasjon og gode arbeidsdagar for kollegaer. 

Som teamsjukepleiar vil du arbeide tett med avdelingsleiar.

Du har ikkje personalansvar som teamsjukepleiar. 

Har DU lyst å vera med på innovativ og utviklande arbeid for pasientane våre og dei tilsette? Då må du søke!

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Som teamsjukepleiar vil du ha eit tillegg på kr. 50.000 over garantilønn. 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Kandidatar med vidareutdanning i rehabilitering oppfordres til å søke
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.  

Personlege eigenskapar:

  • Du brenn for eldreomsorga og vil meir for tenestane
  • Har intresse for faget og held deg oppdatert
  • Du liker å veilede andre
  • Evnen til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Du arbeider godt i team og er ein som er med på å spele teamet og avdelinga god
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø gjennom din kjennskap til tilsette og tenestebehovet
  • Du er løysningorientert
  • Du innvolverer, delegerer, engasjerer og deler kunnskap gjennom di leiing
  • Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar og er fleksibel i arbeidsoppgavene
  • Du evner å være analytisk men og innovativ
  • Du ønsker å utvikle deg sjølv og andre

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 30, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
393479786
Sist endret
13. feb. 2025 01:00