Etterforskar
- Arbeidsgiver
- KRISTIANSUND- Seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking, Møre og Ro
- Stillingstittel
- Etterforskar
- Frist
- 13.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du å jobbe med etterforsking i eit etterforskarteam ved Kristiansund politistasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar på krimvakt, og eit vikariat som etterforskar ut 2025. Det kan bli ledig fleire faste stillinger og vikariat.
Seksjonen består i dag av seksjonsleiar og avsnittleiar for etterretning og førebygging. Etterforskarane er etablerte i ett avsnitt og fire team som samla har ansvar for den generelle straffesaksporteføljen til seksjonen, og hjelper ved behov heile geografisk driftseining Nordmøre i straffesaksbehandlinga. I tillegg kjem kriminalvakt og publikumsmottak. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggande strategien til politiet.
Seksjonen har per i dag eit sterkt fagmiljø og fleire medarbeidarar har lang erfaring og høg kompetanse innan oppgåveporteføljen til seksjonen. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og tidvis stort arbeidspress.
I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Oppmøtestad er i Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
- Etterforskingsoppgåver
- Krimvakt/publikumsmottak
- Kriminalitetsførebyggande arbeid
- Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
- Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- Støtteliste ved vakt og beredskap i Kristiansund kvar fjerde helg
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved og vi oppmodar til å bruke funksjonen for å hente vitnemålet direkte inn frå vitnemålsportalen når du søkjer på stillinga. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert for og villig til å få slik godkjenning
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring frå politistilling
- Relevant erfaring frå etterforsking
- Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
- Etter/-vidareutdanning innan etterforsking
- Anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for krimvakt og etterforskingsfaget i sin helhet.
- Utadretta og positiv i møte med publikum
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert, effektiv og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
- Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Knut Endreseth, Seksjonsleiar, 48224319Eirik Andre Sæther, Avsnittsleiar, 93218288
Arbeidsstad
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4917073662
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 13.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Storgata 43, 6508 Kristiansund N
- Stillingsfunksjon
- Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
- FINN-kode
- 393483334
- Sist endret
- 13. feb. 2025 01:35
Mer som dette
