Aktivitetskoordinator

Arbeidsgiver
Høyanger kommune Høyanger kommune
Frist
27.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

100% fast stilling ved HAAS er ledig frå snarast.

Høyanger arbeids- og aktivitetssenter – HAAS- er i endring. Vi har fått nye oppgåver knytt til integrering, språkpraksis og nye og fleire brukarar av tenestetilbodet. Tenestetilbodet treng utviding i takt med endring og utviding av brukargruppa, og vi treng ein person som kan koordinere og leie dette aktivitetstilbodet. Stillinga er organisert i eininga kultur og mangfald

Vil du?

• Utvikle og forbetre aktivitetstilbodet ved HAAS?
• Sjølv delta i aktivitetstilbodet som blir gitt?
• Finne eigna aktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne, barn og ungdom, personar i arbeidsavklaring?
• Aktivt rekruttere brukarar frå fleire brukargrupper?
• Samarbeide breitt med t.d NAV, barnevern, helse, integreringstenesta og norsksenteret?
• Koordinere samarbeidet med sentralkjøkkenet? (matbil/buss)
• Delta i faste oppfølgingsmøter med andre einingar, t.d helse?

Arbeidet i stillinga er både praktisk og administrativt, med høg grad av samhandling med andre. Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart. Stillinga rapporterer direkte til einingsleiar for kultur og mangfald.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?

• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på det grøne skiftet og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Kvifor søkje hos oss?

• Varierte arbeidsoppgåver med spennande faglege utfordringar i eininga kultur og mangfald
• Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
• Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
• Fleksitid

Vi ønskjer at du har

• 3-årig utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan fagfelt som t.d helse- og sosialfag eller pedagogikk. Dette kan omfatte, men ikkje nødvendigvis vere avgrensa til, t.d offentleg godkjend vernepleiar, sosionom, spesialpedagog eller liknande
• God digital kompetanse
• Førarkort for bil kl B

Personlege eigenskapar hjå søkjarar blir tillagt stor vekt. Vi ser etter desse eigenskapane:

• Gode samarbeidsevner
• Inkluderande og imøtekommande
• Høg grad av engasjement
• Må kunne arbeide sjølvstendig og målretta
• God gjennomføringsevne

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Kristina Skogly på tlf. 41412629 eller Elias Zimmermann Espeseth på tlf. 99219343 og høyr deira erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her:
https://www.hoyanger.kommune.no/_f/p9/i3738d1b9-f9b9-420a-99b2-39c10680eb07/samfunnsdelen_vedteken-versjon_2012.pdf

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
393489140
Sist endret
13. feb. 2025 01:52