
Fagkokk
- Arbeidsgiver
- Kjøkken og kantine Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Fagkokk
- Frist
- 28.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du ein engasjert og dyktig kokk som ønskjer å jobbe i eit variert og fagleg sterkt miljø? Kjøkken og kantine i Ålesund søkjer ein fagkokk i 100 % fast stilling med arbeid kvar tredje helg.
Seksjonen har 25 tilsette, der 14 av desse har fagbrev som kokk. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet og brukar hovudsakleg kok-server som produksjonsmetode, der dei fleste produkta blir laga frå grunnen av.
Vi tilbyr ein variert kvardag med ulike menyar, catering og rotasjon i arbeidsoppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varm- og kaldmat, catering, diettrettar, baking og dessertar
- Produksjon av spesialdiettar etter ernæringsbehov
- Kok-server og sous-vide-produksjon
- Rullering mellom oppvask, matvertfunksjon, kantinedrift og varehandtering
- Generelt reinhald og oppfølging av hygienekrav
- Varemottak og vareplukking
- Bruk av IKT-verktøy og kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring med spesialdiettar
- Erfaring med kok-server og sous-vide-produksjon
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Bidreg til eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø
- Strukturert og kvalitetsbevisst
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Karin Lehmann Valde, Seksjonsleiar, hilde.karin.lehmann.valde@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4908245516
Stillingsprosent: 100%
Fast
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Annet
- FINN-kode
- 393576460
- Sist endret
- 14. feb. 2025 08:30
Mer som dette




