Engasjement Kvernhushaugen barnehage
- Arbeidsgiver
- Sogndal kommune Kvernhushaugen barnehage
- Stillingstittel
- Barnehagelærar/spesialpedagog
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Bli med på leikelaget i Kvernhushaugen barnehage!
Er du ein engasjert og kreativ barnehagelærar eller spesialpedagog som brenn for å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barn? Då er dette sjansen din!
Kvernhushaugen barnehage ligg idyllisk til på Kaupanger i Sogndal kommune, med skogen som næraste nabo og fantastiske fasilitetar frå Kaupanger Idrettslag rett utanfor døra. Her kan barna boltre seg på fotballbaner, sykkelbane, frisbeegolfbane og i den nye storhallen.
Kvernhushaugen barnehage er ein liten, men dynamisk barnehage med 26 barn fordelt på to avdelingar: ei småbarnsavdeling og ei storavdeling. Me har 10 dyktige og engasjerte tilsette i eit godt fagmiljø med høg kompetanse og god aldersmiks.
Me er ein aktiv og samansveisa gjeng som elskar å vere ute i all slags ver. Med kort veg til lavvoen vår, legg me til rette for spennande opplevingar i naturen – perfekt for både små og store eventyrarar.
Ledig stilling:
- 80% engasjement som barnehagelærar/spesialpedagog
- Periode: 13.08.2025 – 12.08.2026
Dette blir jobben din:
- Sikre eit inspirerande, trygt og utviklande leike- og læringsmiljø
- Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet
- Samarbeide tett med kollegaer, føresette og tverrfaglege team
- Sikre god tilrettelegging og rettleiing av assistentar og fagarbeidarar
Kvalifikasjonar:
- Godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning
- Gjerne vidareutdanning i spesialpedagogikk
- Erfaring frå barnehage er ein fordel
- Trygg i bruk av norsk, både munnleg og skriftleg
- Kjennskap til Visma Samspel, Visma Sikker Sak og teikn-til-tale er ein fordel
Kven er du?
- Ein lagspelar med gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Løysingsorientert, sjølvstendig og fagleg engasjert
- Kreativ og initiativrik, med evne til å skape tryggleik og tillit
- Energisk, fleksibel og klar for ein kvardag i høgt tempo
- Positiv, leiken og glad i å vere ute i all slags ver
Kvifor velje oss?
- Ein spennande jobb i eit miljø med høgt fagleg nivå
- Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
- Engasjerte og støttande kollegaer som heiar på deg
- Ein arbeidsplass der initiativ og utvikling vert verdsett
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest krevst for stillinga.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalavegen 2, 6856 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 393583631
- Sist endret
- 14. feb. 2025 09:25
Mer som dette
