Universitetslektor (20 %, ekstraerverv ) i klinisk psykologi ved Institutt for klinisk psykologi
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Universitetslektor (20 %, ekstraerverv ) i klinisk psykologi ved Institutt for klinisk psykologi
- Frist
- 09.03.2025
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wUniversitetslektor
Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet har opptil 8 ledige ekstraerverv (variheit 2 år) som universitetslektor (20 %) i klinisk psykologi. Startdato for desse stillingane er 1. august 2025
Instituttet har forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt i helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert, psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar.
Ved Institutt for klinisk psykologi er det ein opplæringsklinikk som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Behandling gjennomførast av psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialist. Klinikken har over fleire tiår knytt til seg rettleiarar i førebels 20 % stillingar.
Vi leitar etter psykologspesialistar med engasjement for utdanning av framtidas psykologar. Som universitetslektor ved Institutt for klinisk psykologi vil du jobbe tett og klinikknært med opplæring av studentar i klinisk psykologi. Hovudvekta av arbeidet i stillinga vil innebere opplæring og rettleiing av studentar i det å utgreie, planleggje og gjennomføre psykologisk behandling. Den som verte tilsett vil vere sentral i studentanes utvikling som psykologar, og vil rettleie studentane gjennom deira internkliniske praksis. Vi har eit arbeidsmiljø som er prega av stor individuell friheit, og oppgåvene blir løyst gjennom samarbeid og dialog.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til undervising ved Institutt for klinisk psykologi, med spesielt knytt til ei av behandlingsseksjonane ved Psykologisk universitetspoliklinikk: Seksjon for barn og ungdom I og II, Seksjon for unge og vaksne eller Seksjon for vaksne og eldre. Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- rettleiing av studentar innanfor internklinisk opplæring. Her inngår også direkte pasientkontakt og behandlingsansvar for pasientane studentane behandlar
- deltaking i seksjonsmøter, rettleiarmøter og kasuspresentasjonar
- ta hand om og vidareutvikle Psykologisk universitetspoliklinikk sitt kvalitetssikringssystem
- delta på og vere med å utvikle forskingsprosjekt knytt til Psykologisk universitetspoliklinikk
ved behov kan oppgåverettleiing, sensur og undervisning bli aktuelt
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Noreg eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
- søkjar må vere ferdig utdanna psykologspesialist eller ha tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet.
- erfaring frå spesialisthelsetenesta vil bli vektlagt
- tidlegare erfaring frå rettleiing av studentar i klinisk praksis vil vere eit føremon. Annan rettleiarutdanning og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising vil óg vege tungt.
- søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
- søkjar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
- søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Krav for tilsetjing i stilling som universitetslektor går fram av forskrift til universitetets- og høyskoleloven. Forskrifta kan du lese her: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2024-06-28-1392
Tilsetjing skjer med atterhald om endringar i fagområde og arbeidsoppgåver som arbeidsgjevar måtte bestemme.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Universitetslektor/psykologspesialist (kode 1009) får ei bruttolønn på kr 692 400
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV
- Vitnemål, autorisasjon og attestar
- Namn på to referansar med kontaktinformasjon
- Liste over klinisk erfaring og kompetanse
- Eventuell publikasjonsliste
- Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjon og dei vedlegg som er lagt inn i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Reidar Jakobsen, +47 55 58 86 88 eller klinikkleder Endre Visted, +4755588646
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 8
- Sted
- Christiesgate 13, 5015 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Psykolog, Annet
- FINN-kode
- 393590316
- Sist endret
- 14. feb. 2025 10:42
Mer som dette
Sykepleier / Vernepleier / Studenter, Medisinstudenter, Studenter i profesjonsstudiet psykologi
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/31/2/391/516/982_4bcb9ba7-3d4e-47e9-93fa-0378186a495e.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/logo/1376580593_helsevest.png)