Ferievikar - habiliteringstenesta

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Ferievikar - habiliteringstenesta 2025
Frist
10.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Kort om stillinga som ferievikar

Er du på jakt etter din første sommarjobb innan helsesektoren? Vi treng deg mest i perioden veke 25-33!

Du har kanskje helsefagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav! Vi søkjer både deltids- og heiltidsansatte.

Arbeidsoppgåver
  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Sikre ein god heim med tenester i samsvar med behov og ønskjer
  • Følgje opp tenestemottakarar
  • Gje bistand i daglege gjeremål
  • Legemiddelhandtering for dei med autorisasjon / riktig kompetanse
  • Rapportering munnleg og skriftleg
  • Aktiviteter med bebuarane, individuelt og felles (handling, turar, samtalar)
  • Sikre godt samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr

Lønn:

  • Som assistent startar løna på kr 207,- per time.
  • Er du sjukepleiar- eller vernepleiarstudent? Då får du høgare lønn basert på studiepoenga dine.
  • Helsefagarbeidarar startar på kr 236,- per time.
  • Har du ei 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning? Då er startlønna minimum kr 274,- per time.

Ekstra tillegg:

  • Kveldstillegg: Minst kr 56,- per time frå kl. 17-21.
  • Nattetillegg: Minst kr 70,- per time frå kl. 21-06.
  • Helgetillegg og andre godtgjersler for spesielle arbeidstider.

Det er også moglegheit for vidare tilsetjing i Alver kommune om du likar arbeidet og fungerer i jobben!

Personlege eigenskapar

Du trivst med å arbeide med menneske, er engasjement samt er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Vidare jobbar du godt i team, er tillitsskapande mot kollegaer og tenestemottakarar. Det vert lagt avgjerande vekt på personleg eignaheit til arbeid mot målgruppa. Du må også vere påliteleg og fleksibel.

Kompetansekrav

Har du anna erfaring eller berre eit sterkt ynskje å jobba innan habilitering - søk gjerne!

Det er eit føremon og ynskeleg med:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande, sjukepleiar eller vernepleiar, eller bachelor i helse- og sosialfag
  • Bachelorstudentar innan sjukepleie, vernepleie eller anna helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Medisinkompetanse
  • Sertifikat klasse B
Aktuelle avdelingar

Frekhaug

  • Bustølen burettslag og Grønland bustader 
    Avdelingsleiar Eva-Kristin Fanebust + 462 99 412
  • Ambulerande tenester 
    Avdelingsleiar Marianne Bratshaug + 47 957 59 106

Knarvik

  • Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen bufellesskap
    Avdelingsleiar Bjørg Konglevoll Lunde + 47 993 16 642
  • Avlastningsbustader
    Avdelingsleiar Kristine Hildegard U. Rath + 47 966 20 365
  • Stallanemarka burettslag 
    Konstituert avdelingsleiar Cato Færøy + 47 415 27 641
  • Storhaugen bufellesskap 
    Avdelingsleiar Therese E. Frantzen +47 969 01 581
  • Kvassnesvegen og Røsvikdalen bufellesskap 
    Avdelingsleiar Oddrun B. Takvam +47 932 54 751

Manger

  • Hannesvegen bustader 
    Avdelingsleiar Reidun Vallestad +47 928 41 466
  • Prestbrekka bufellesskap 
    Avdelingsleiar Lene Christensen +47 994 77 375
Politiattest

I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Bli kjent med oss!

Vi er Alver

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
15
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
393597615
Sist endret
14. feb. 2025 11:26