
Trainee i Nordic Mining: Forretningsstøtte og ESG
- Arbeidsgiver
- Framtidsfylket AS
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Trainee
Beskrivelse
Kunne du og tenke deg den same sjansen til å bidra til noko stort, og opparbeide deg verdifull erfaring i eit tverrfagleg og innovativt miljø? Då er denne stillinga perfekt for deg!
Om stillinga
Vi søker ein nysgjerrig, engasjert og lærevillig trainee som vil bidra i grensesnittet mellom økonomi og ESG (miljø, samfunnsansvar og selskapsstyring). Dette er din moglegheit til å starte arbeidslivet i ein ung organisasjon i oppstartsfasen, der du får jobbe med strategiske og operative oppgåver.
For riktig kandidat vil stillinga bli tilpassa dine interesser og kompetanse, med moglegheit for fordjuping i spesifikke fagområde.
Arbeidsoppgåver
- Bidra aktivt i avdelinga finans og forretningsstøtte. På avdelinga ligg til dømes ansvaret for økonomi, innkjøp, logistikk og HR.
- Støtte arbeid knytt til berekraftsrapportering.
- Delta i utvikling og implementering av strategiske ESG-initiativ.
Kvalifikasjonar
- Nyutdanna innan økonomi, berekraft, miljøleiing eller andre relevante fagfelt.
- Interesse for ESG og berekraftige forretningsmodellar.
- Gode analytiske evner og evne til å arbeide strukturert.
- Erfaring med eller interesse for databehandling og rapporteringsverktøy.
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe på tvers av fagfelt.
Vi tilbyr
Hos oss får du sjansen til fagleg utvikling med tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Du vil vere med og påverke og bidra i ein viktig prosess og få verdifull erfaring med ESG og berekraftsrapportering. I Nordic Mining vil du bli del av eit inkluderande, engasjert og internasjonalt arbeidsmiljø med kollegaer frå fire forskjellige kontinent.
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og starta mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6817 Naustdal
- Stillingsfunksjon
- Økonomi og regnskap, Rådgivning, Økonomi og regnskap / Controller
- FINN-kode
- 393618888
- Sist endret
- 14. feb. 2025 01:18
Mer som dette



