Lærar innan IOP Fag (Naturfag, matematikk, norsk og engelsk)

Arbeidsgiver
STE - Avd. Anlegg, Drift og Tilrettelagt, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar innan IOP Fag (Naturfag, matematikk, norsk og engelsk)
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Allmennfagleg påbygging og Klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig eit vikariat i 50% stilling som lærer innan IOP fag med vekt på Naturfag, Matematikk, Norsk og Engelsk. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Denne stillinga vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytt til elevar på arbeidstrening

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse 
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring fra tilsvarande elevgruppe.
Erfaring frå individuelt tilpassa opplæring, erfaring frå praktiske yrker, og personlege eigenskapar vert tillagt vekt. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein utåtvend og samarbeidsvillige person som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.
Vi ønskjer ein person som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er god til å byggje relasjonar til elevane.
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Lars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4922600336

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Startdato: 01.08.2025

Sluttdato: 31.07.2026

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
5244 Fana
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
393631621
Sist endret
17. feb. 2025 06:41