
Sokneprest i Nordfjord prosti med sokna Eid, Stårheim og Kjølsdalen som tenestestad
- Arbeidsgiver
- Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
- Stillingstittel
- Sokneprest i Nordfjord prosti med sokna Eid, Stårheim og Kjølsdalen som tenestestad
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Nordfjord prosti med sokna Eid, Stårheim og Kjølsdalen som tenestestad!
I Nordfjord står folkekyrkja sterkt. Prostiet er ein stad der fjord og fjell, tradisjon og fornying går hand i hand. Her finn du eit levande kulturliv med operahus, rikt musikkliv og sterke frivillige miljø – og ei folkekyrkje som står midt i fellesskapen.
Vi ser etter deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle folkekyrkja i lag med stab, folkevalde og frivillige. Vi ønsker oss ein prest som vil:
- Forkynne med kunnskap og nærleik
- Arbeide for at kyrkja er synleg i lokalsamfunnet og opplevast som ei kyrkje som er relevant i menneskes liv
- Engasjerer seg for at fleire samlast til gudstenester, og arbeider for å utvikle kyrkjelege møtestader som er inkluderande og trusstyrkande fellesskap
Soknepresten vil ha ei koordinerande rolle i forhold til dei to andre sokneprestane i Stad kommune.
Nordfjord prosti inneheld fem kommunar: Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og nordre del av Kinn. Sokna Eid, Stårheim og Kjølsdalen ligg i Stad kommune og dei tre sokna har til saman ca. 5000 medlemer. Nordfjordeid (Eid) er sentralt plassert i Nordfjord, lengst nord i Bjørgvin bispedøme, og er kommunesenter med sentrale funksjonar som t.d. Nordfjord sjukehus.
Sokna ligg vakkert til på begge sider av Eidsfjorden og Hornindalsvatnet med fine turområde sommar som vinter. Her er eit rikt utbygd idretts- og kulturliv, inkl. skisenter og operahus. I sokna er det fem barneskular og ein ungdomsskule, samt vidaregåande skule med godt og allsidig tilbod på fleire linjer.
For meir informasjon om Nordfjord, sjå www.nordfjord.no.
Det er fire kyrkjer i området; Eid, Stårheim, Heggjabygda og Kjølsdalen. Eid, prostesetet i Nordfjord prosti, har eit kyrkjetun ved Eid kyrkje. Her er det fleire samlingsrom der det vert drive konfirmantundervisning, trusopplæring, barnegospel, nattkafé, laurdagsgraut og andre møteaktivitetar. Dei fleste større samlingar på prostiplan vert lagd hit.
I denne delen av Stad kommune er det fire bedehus der dei fleste driv med arbeid for barn, ved sidan av foreinings- og møteverksemd.
Ved Eid kyrkjetun er det og kontorlokale for dei kyrkjeleg tilsette. Prosten leier prestetenesta i prostiet, og kallar inn prestane jamleg til konvent for fagleg utvikling og kollegafellesskap.
Skriftspråket er nynorsk.
Søkjar bør ha førerkort og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Strategisk utviklinga av gudsteneste og forsamlingsliv i samarbeid med råd og tilsette
- Ta del i planlegging, undervisning og gjennomføring av konfirmantarbeidet
- Ta del i rekruttering, oppfølging og opplæring av frivillige
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Evne til å byggje lag og samarbeide, men også til å arbeide sjøvstendig
- Evne til å inspirere og engasjere i det kyrkjelydsbyggande arbeidet i lag med råd og tilsette
- God formidlingsevne til alle aldersgrupper
- Erfaring og motivasjon knytt til strategisk kyrkjelydsbyggande arbeid
- Interesse for teologien som fag
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
- Prestebusad på Eid
Kontaktinformasjon
Mari Saltkjel, Prost Nordfjord prosti, 45914954Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidssted
Sjøgata 906770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4904363122
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet
- FINN-kode
- 393643293
- Sist endret
- 17. feb. 2025 07:06
Mer som dette


