Undervisningsstillingar

Arbeidsgiver
Tysnes Kommune
Stillingstittel
Undervisningsstillingar
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer engasjerte lærarar med eit godt hjarte for elevane våre.

Vil du bidra i eit profesjonsfelleskap der me jobbar saman for eit trygt og godt skulemiljø, og er opptekne av læring og utvikling for alle? Då treng me deg på laget vårt!

Tysnes kommune har tre skular og vaksenopplæring: 

  • Uggdal skule: 1. til 4. trinn med om lag 120 elevar
  • Onarheim skule: 1. til 7. trinn med omlag 30 elevar
  • Tysnes skule: 5. til 10. trinn med om lag 200 elevar inkl. vaksenopplæring
     

Fokusområda i skulane våre er inkluderande praksis med fokus på verdiar. Me jobbar heile tida med å skapa gode relasjonar til elevane ved å sikra eit trygt læringsmiljø, der me legg vekt på å fremja helse, trivsel og læring. Skulane har som mål at alle elevane er del av eit lærande og inkluderande fellesskap. 

Tysnes kommune har ledig faste stillingar og årsvikariat for skuleåret 2025/26. Me søkjer både deg som har erfaring og deg som er ny i yrket. Du må pårekna kontaktlæraransvar i stillinga.

Me ber om at du spesifiserer i cv kva fag du har undervisningskompetanse i og kor mange studiepoeng du har i kvart enkelt fag.

Tal på stillingar og stillingsstorleik kan avvika noko frå lysinga.


Kva stillinga går ut på
  • Planlegga og gjennomføra tilpassa undervisning for elevgrupper
  • Bidra til å ivareta eleven sitt trygge og gode skulemiljø
  • Motivera elevar gjennom god vurderingspraksis
  • Planlegging, gjennomføring og tilrettelegging for inkluderande praksis
  • Delta i profesjonsfellesskapet med medskapande innhald
  • Ivareta eit godt samarbeid mellom lærar, fagarbeidar og skule-heim

Kva kompetanse me ser etter
  • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen, jf. opplæringslova
  • God digital forståing og er trygg i bruk av digitale verktøy i opplæringa
  • God kjennskap til den nye læreplanen

Me har særlig behov for: 

  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. 
  • Norsk 2-kompetanse
  • Engelsk (mellomtrinn)
  • Språkfag ungdomstrinn

Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.


Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som

  • er ein tydeleg og god klasseleiar
  • er oppteken av å bygga gode relasjonar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • har evne til å motivera elevane
  • er omsorgsfull, fleksibel og løysingsorientert
  • viser engasjement og endringsvilje
  • har evne og vilje til samarbeid og deling.

Kvifor du skal jobba hos oss

Hos oss vil du få faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, som er prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Me kan legga til at alle dei tre skulane våre ligg tett på fine naturområde, som me nyttar oss av i undervisninga så vell som på fritida!

Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i SPK- Statens pensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.

Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.

For å sikra at du føler deg trygg i valet om å jobba hos oss, tilbyr me ein omvendt referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga vil du få høve til å kontakta nokon av våre medarbeidarar, slik at du kan stilla dei spørsmåla du måtte ønska, for finna ut om me er ein god match.


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
394045540
Sist endret
17. feb. 2025 08:10