Velkommen til oss!

Arbeidsgiver
Etne kommune Pleie og omsorg
Stillingstittel
Assistent i praktisk bistand, 68% fast
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Etne kommune tilbyr praktisk bistand til heimebuande personar som har behov for hjelp til reingjering og andre grunnleggande oppgåver, for å kunne bu sjølvstendig og delta i samfunnet. Me søkjer deg som kan utføra ulike praktiske oppgåver for innbyggjarar som treng det og som har eit genuint ønske om å hjelpa andre.
Stillinga inneber arbeid dagtid vekedag og kveld/ dag helg.

Arbeidsoppgåver
  • Pleie- og omsorgsoppgåver i heimetenesta
  • Reinhald i bustad
  • Bestille matvarer
  • Vask av klede
  • Skift av sengetøy
  • Vask av vindauge
  • Oppvask og handtering av vanleg hushaldssavfall
  • Andre praktiske gjeremål som styrkjar sjølvstende i kvardagen
  • Dokumentasjon i fagjournal
  • Handtering av velferdsteknologiske løysingar og/eller hjelpemiddel
  • Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid med eldre eller personar med funksjonsnedsetjingar er ein fordel
  • God evne til å arbeida sjølvstendig og nært samarbeid med innbyggjarar
  • God samarbeidsevne og trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
Eigenskapar
  • Du bør ha godt humør og ei løysingsorientert haldning
  • Du er positiv, påliteleg og tek ansvar
  • Er ein trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Trivst i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr
  • Ein meiningsfull og utfordrande jobb kor du kan gjer ein forskjell i kvardagen til folk
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og inkluderande kollegaer
  • Fokus på kvalitet og utvikling
  • God opplæring
  • Gode pensjonsordningar som kan bety mykje gjennom livsløpet
  • Gratis parkering i parkeringsanlegg
Annan informasjon

I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage.
Barne- og ungdomsskule i sentrum med gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse. SFO-tilbod kvar dag frå kl. 07.00 til kl. 16.30. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar.
Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utendørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest.
Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Holmavegen 30, 5590 Etne
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
394046054
Sist endret
17. feb. 2025 08:14