Psykisk helsearbeidar

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Psykisk helsearbeidar
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bu -og miljøtenesta i Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som psykisk helsearbeidar og/eller med spesialisering i rusarbeid frå 01.05.2025. Tenestestad Psykisk helseteam oppmøtestad Nordfjordeid. Stillinga er dagarbeid med 37,5 timars veke med fleksitid.

Psykisk helseteam er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årskar har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskeleg livssituasjon, psykiske lidingar og/eller ruslidingar. Psykisk helseteam skal gje hjelp ut i frå den einskilde sitt behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for individuell oppfølging og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov og risiko
  • Tverrfageleg samarbeid med andre instansar
  • Samarbeid med pårørande/nettverk
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar og andre

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitet- eller høgskulenivå med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rusarbeid
  • Bør ha vidareutdanning innan ei eller fleire terapiformer, til dømes kognitiv terapi og emosjonsfokusert terapi
  • Gjerne også andre relevante vidareutdanningar og/eller kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort og kunne disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere gode relasjonar
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid og eigenutvikling
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
  • Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
  • Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
  • Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

    Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Marie Bakke eller assisterande einingsleiar Ann Charlotte Jansson 

Kontaktinformasjon

Marie Bakke, Fagleiar Bu- og miljøtenesta, 400 22 692, marie.bakke@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4918952457

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
394049583
Sist endret
17. feb. 2025 08:58