Bygg- og eigedomssjef

Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Frist
14.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe med ein spennande eigendomsportefølje?


Helse Vest er ein innovativ og nytenkjande organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. No ser vi etter ein dyktig medarbeidar som ønskjer å bidra i utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet.

Eigaravdelinga handterer oppgåver knytta til eigarstyring, plan- og strategiarbeid, innovasjon, samfunnsansvar, bygg og eigedom og kjøp av helsetenester.
Helseføretaka i Helse Vest eig og forvaltar eigedomar opp mot 1 million m2 fordelt på fire helseføretak. Eigedomane representerer store verdiar og er viktige for den daglege drifta. Det er dei underliggjande helseføretaka som eig og forvaltar eigedomana, men utvikling av eigedomsområdet skal vere basert på høg grad av regional samordning og koordinering. 

Det er viktig for stillinga at du ønskjer å bidra i eit miljø med høge krav til leveransar og fristar, og at du likar å jobbe i team, dele kunnskap og støtte kollegaene dine på vegen til måla i avdelinga. Du likar også eit miljø der det er mange varierte oppgåver.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigste arbeidsoppgåvene vil vere å:

  • ha ansvaret for overordna styring og strategiske føringar for eigedomsverksemda
  • koordinere og vareta Helse Vest si rolle knytt til investeringsprosjekta i helseføretaka
  • gjere byggfaglege vurderingar av byggeprosjekt i regionen
  • koordinere felles aktivitetar for føretaksgruppa innanfor forvaltning, drift og vedlikehald og utvikling av eigedomane i Helse Vest
  • leie regionalt eigedomsutval
  • delta i nasjonale og regionale prosjekt, medrekna nasjonale prosessar knytta til oppbygging av kunnskap og erfaringsoverføring innanfor bygg- og eigedomsområdet 

Kvalifikasjonar

Du har:

  • universitets- eller høgskuleutdanning innanfor relevante fagområde
  • relevant arbeidserfaring, til dømes frå prosjektleiing frå større byggeprosjekt
  • erfaring frå eigedomsforvaltning
  • kjennskap til offentleg saksbehandling
  • god formidlingsevne på nynorsk og bokmål, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Du er:

  • god på å handtere komplekse problemstillingar raskt
  • analytisk, systematisk og har ein heilskapleg tilnærming
  • strukturert, sjølvstendig og resultatorientert
  • god på å samarbeide og kommunisere

Vi tilbyr

  • - faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
    - ansvar for sjølvstendige oppgåver og deltaking i viktige prosjekt i helsetenesta
    - godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, og aktive og interessante fagmiljø
    - gode pensjons-, bank- og forsikringsordningar og moglegheit for lån i KLP
    - løn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ivar Eriksen, Eigar direktør, 41533814

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8

4005 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF


Referansenr.: 4923999113

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Forretningsutvikling og strategi
FINN-kode
394053158
Sist endret
17. feb. 2025 09:17