Fysioterapeut med 50 % avtaleheimel
- Arbeidsgiver
- Barn, familie og helse, Giske kommune
- Stillingstittel
- Fysioterapeut
- Frist
- 10.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Giske kommune har ledig fast 50 % avtaleheimel med driftsavtale for offentleg godkjent fysioterapeut frå 01.07.2025, med oppstart etter avtale.
Praksisen er lokalisert ved Giske Fysio og Manuellterapi, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Per i dag er det éin fysioterapeut som arbeider ved instituttet.
Giske kommune ønskjer ein fysioterapeut med klinisk erfaring innan muskel- og skjelettlidingar.
Praksisen skal ha eit ope behandlingstilbod til befolkninga, gjerne både individuelt og i grupper.
Du skal til ei kvar tid utføre kunnskapsbasert undersøking, vurdering, behandling og rehabilitering.
Fysioterapeuten skal òg, ved behov, samarbeide med andre relevante instansar i kommunen.
Som fysioterapeut med driftsavtale vil du utføre fysioterapitenester på vegner av Giske kommune, og du må utøve fysioterapi på ein måte som fremjar gode og heilskaplege pasientforløp, der aktivitet og eigenmeistring står sentralt. Det er og eit krav om å drive kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med relevant helselovgiving og på dei vilkåra som går fram av ASA 4313, slik den til ei kvar tid lyder.
Det blir gjort merksam på at tildeling av avtaleheimel med driftstilskot er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b). Vedtak vil bli fatta med utgangspunkt i kvalifikasjonsprinsippet, sett opp mot utlysingsteksten. Vedtaket kan klagast inn etter forvaltningslova kap. VI. Utlysing og tildeling vil følgje dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene fastsett i ASA 4313.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil personlege eigenskapar bli vektlagt ved tildelig av heimelen.
Kvalifikasjonar
- Fysioterapeut med norsk autorisasjon.
- Relevant vidareutdanning kan vere ein fordel.
- Erfaring som privatpraktiserande fysioterapeut er ein fordel.
- Erfaring med og interesse for allmenn fysioterapi.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Kan vise til kontinuerleg aktivitet innan fagleg utvikling.
Personlege eigenskapar
- Du er faglig trygg og motivert for kontinuerlig utvikling
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er god til å bygge relasjoner og samarbeide med andre yrkesgrupper
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Kontaktinformasjon
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234Gitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838
Arbeidsstad
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4922911314
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6050 Valderøya
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Fysioterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 394056954
- Sist endret
- 17. feb. 2025 09:43
Mer som dette

