Er du kreftsjukepleiar/sjukepleiar med brei erfaring med cytostatika?
- Arbeidsgiver
- Medisinsk avdeling B, Helse Fonna HF
- Stillingstittel
- Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
- Frist
- 17.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om to år flyttar vi inn i toppmoderne lokale – vil du bli med på reisa?
Kreftpoliklinikken veks, og vi treng fleire gode kollegaer. Kanskje er det akkurat deg vi leitar etter?
Vi er ein del av Medisinsk avdeling B og tek imot mellom 20–30 pasientar dagleg til infusjonsbehandling. I tillegg har vi sjukepleiardriven poliklinikk og poliklinikk for onkologar. Vi har ansvar for fire pakkeforløp og deltek aktivt i forskingsstudiar.
No har vi ei ledig 100 % stilling for kreftsjukepleiar, med arbeidshelg kvar fjerde veke på sengepost.
Vi ser etter deg som vil bli ein del av vårt team. Dersom du ikkje har vidareutdanning i kreftsjukepleie, men har brei erfaring med cytostatikabehandling, kan du bli vurdert for stillinga. I så fall må du forplikte deg til å ta vidareutdanning innan to til tre år. Sjukehuset tilbyr utdanningsstillingar innan kreftsjukepleie.
Er du klar for nye utfordringar i eit fagmiljø med høg kompetanse der du får utvikla deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Les meir om videreutdanninga her: Kreftsykepleie | videreutdanning
Arbeidsoppgåver
Det daglege arbeidet vil i hovedsak bestå i infusjonsbehandling og sjukepleiardreven poliklinikk/vaktsjukepleiar. Stillinga inneber også at ein må ta oppgåver innan pakkeforløp og studier ved behov. Vidare skal kreftsjukepleiar sikre og utføre god kvalitet på sjukepleieprosedyrar, medikamenthåndtering, og
samarbeide med pasient og pårørande.Undervisning og opplæring av pasient og pårørande, og i tillegg bidrar kreftsjukepleiar til opplæring og undervisning av helsepersonell både internt og eksternt på forespurnad.
Kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning rulleres på alle kreftsjukepleiarar.
Helg på sengepost er arbeid laurdag og sundag.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Ønskeleg med videreutdanning i kreftsjukepleie – Lang erfaring med cytostatikahåndtering kan kompensera for manglande videreutdanning. Må då forplikte seg til å ta videreutdanning i kreftsjukepleie innan to-tre år.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
På Kreftpoliklinikken kan arbeidsdagen vere både uforutsigbar og hektisk, og vi treng deg som:
- Handterer høgt arbeidspress med ro og struktur.
- Set pris på å samarbeide med kollegaene, men du må også kunne jobbe sjølstendig.
- Du må like, og handtere, høgt tempo og kunne bidra til eit positivt og støttande arbeidsmiljø.
Kvifor skal du velje oss?
- Kreft er eit satsingsområde. Hos oss får du moglegheita til å bidra både i pasientbehandling og i utviklinga av tenestene våre.
- Det er mogleheit for å delta i prosjekt ved behov, og digitalisering av våre tenester til kreftpasientar er noko som vil øke.
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med lavt sjukefravær og høg kompetanse.
- Hos oss legg vi til rette for kompetanseheving.
Kontaktinformasjon
Evelyn Endresen SevlandArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4922510534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 394064208
- Sist endret
- 17. feb. 2025 12:05
Mer som dette
