Sommarvikar - Lagerarbeid hos Behandlingshjelpemidler (BHM) 

Arbeidsgiver
Behandlingshjelpemidler, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sommerjobb på vårt lager
Frist
05.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Behandlingshjelpemidler (BHM) ser no etter sommarvikar til vårt lager.

Hos oss handterer vi utstyr og forbruksmateriell som blir brukt i medisinsk behandling heime hos pasientar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og imøtekommande. Og har du erfaring med lagerarbeid, så er det heilt perfekt!

Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 😊


Arbeidsoppgåver

  • Lagerarbeid som plukking/ pakking av varer 
  • Forsendelse av varer
  • Varemottak og inn og utmelding av varer gjennom vårt IT system.
  • Påfylling av utstyr i hyller.
  • Noko kjøyring av medisinsk teknisk utstyr og forbruksmateriell til sjukehusavdelinger .

Kvalifikasjonar

  • Må beherska norsk skriftleg og munnleg flytande.
  •  Gode datakunnskaper.
  •  Førarkort klasse B.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, imøtekommande og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med eit smil. Du held eit positivt fokus, finn gode løysingar og gjer ditt beste for at ting skal flyte godt i kvardagen.

Du jobbar sjølvstendig og tar ansvar for oppgåvene dine. Samtidig trivst du med struktur og orden – du er nøyaktig, systematisk og ser verdien av gode rutinar for å sikre kvalitet i arbeidet.

Gode kommunikasjonsevner er viktig i denne rolla. Du evnar å formidle tydeleg og forståeleg, og du lyttar til andre for å sikre godt samarbeid.

  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som bidreg til eit positivt og trygt arbeidsmiljø!

Kvifor skal du velje oss?

  • Du blir del av eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer som støttar og hjelper kvarandre.
  • Vi legg vekt på samarbeid og trivsel, slik at alle kan gjere ein god jobb og ha det fint på arbeid.
  • Du får god opplæring i våre IKT-system, slik at du blir trygg på dei verktøya du treng i kvardagen.
  • Løn blir gitt i samsvar med gjeldande overeinskomst, og du får dei rettane og fordelane som følgjer med stillinga.

Kontaktinformasjon

Runar Gjertsen, Avdelingsleiar, +47 52734650

Arbeidsstad

Raglamyrvegen 11

5536 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4912577664

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 05.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Raglamyrvegen 11, 5536 Haugesund
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager, Logistikk og lager / Lagermedarbeider, Annet
FINN-kode
394064707
Sist endret
17. feb. 2025 12:18