Sjukepleiar avd 2
- Arbeidsgiver
- Vanylven helse og omsorgsenter, avd 2, Vanylven kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vanylven Helse og Omsorgssenter, avdeling 2 har ledig inntil 200% fast stilling som sjukepleiar.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Avdeling 2 har totalt 25 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplassar, kortidsplassar og rehabilitering, KAD seng for akutt behandling, og rom for palliativ behandling. Her er også ei eiga eining for demens.
Som sjukepleiar på avdeling 2 vil du få ei sentral rolle i å sikre god pleie og omsorg for våre bebuarar, med komplekse og samansatte diagnoser, rehabilitering av pasientar frå sjukehus og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande.
Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, med arbeid kvar tredje helg. I desember 2024 starta vi opp med årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Avdeling 2 er lokalisert i andre etasje ved Vanylven helse-og omsorgssenter på Fiskå, som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil
28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen.
Vi ønsker deg velkommen til vårt team! Send inn din søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglige utfordringar og ein meiningsfull kvardag. Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.
Arbeidsoppgåver
- Heilhetleg sjukepleie og medisinsk oppfølging av bebuarane
- Legemiddelhandtering og dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma.
- Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar, sikre gode pasientforløp
- Veiledning av kollegaer, studentar og helsefagarbeidarar
- Ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
- Samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend/autorisert sjukepleiar
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Godkjent politiattest
- God kunnskap innen dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
- Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
- Effektiv fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
- Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø, fagleg nyskjerrig
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek iniativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
- Du er sjølvstendig, men likar å jobbe i team
- Du er fleksibel og løysningsorientert
- Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønns og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale,- vi har også rekrutteringstillegg 30 000kr og nedbetaling av studielån 15% inntil 28 000kr (i 100% stilling) Organiserte får eit årleg tillegg på 6000kr
- Eit sterkt fagmiljø-Dyktige kollegaer, her får du muleghet for fagleg utvikling
- Variert arbeidskvardag- Spennande og fagleg utfordrande oppgaver i eit tverrfagleg miljø
- Trygt og godt arbeidsmiljø-Ilag skaper vi trivsel og kvalitet i kvardagen
- Gode turnusordningar-Moglegheit for tilrettelagt turnus
- Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 47638029, katrin.sunde@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Reitebakkvegen 236143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4921974175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 394087202
- Sist endret
- 17. feb. 2025 02:26