Fysioterapeut med 50 % avtaleheimel
- Arbeidsgiver
- Barn, familie og helse, Giske kommune
- Stillingstittel
- Fysioterapeut
- Frist
- 10.03.2025
- Ansettelsesform
- Selvstendig næringsdrivende
Beskrivelse
Er du ein fagleg engasjert fysioterapeut og har spesiell interesse innan førebygging og opptrening/behandling av eldre? Då må du lese vidare.
Giske kommune har som mål at flest mogleg eldre skal bu lengst mogleg i eigen heim, ha eit aktivt liv og klare seg sjølv best mogleg. Du som fysioterapeut blir derfor ein viktig ressurs inn mot dette målet.
Frå 01.07.2025 har vi ledig fast 50 % avtaleheimel med driftsavtale for offentleg godkjent fysioterapeut med oppstart etter avtale.
Vi i Giske kommune ønskjer at du som privatpraktiserande fysioterapeut skal ha eit ope tilbod til befolkninga, men primært ha fokus på førebygging og behandling av eldre.
Arbeidsoppgåver
- Du skal til ei kvar tid drive kunnskapsbasert fysioterapi etter Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og berre nytte behandlingsformer som er aksepterte av helsemyndigheitene, jf. Takstforskrifta.
- Undersøkje, vurdere, behandle og rehabilitere skadar og lyter hos primært eldre personar.
- Ha eit godt samarbeid med kommunale tenester, kollegaer på institutt og andre relevante samarbeidspartnarar.
- Ved behov tilby fysioterapi i brukaren sin heim/på brukaren sin arena.
Kvalifikasjonar
- Fysioterapeut med norsk autorisasjon.
- Vere spesialist eller ha erfaring innan fysioterapi for eldre vil vere ein fordel.
- Kan vise til kontinuerleg aktivitet innan fagleg utvikling.
- Ha erfaring med samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse.
- Erfaring med å effektivisere helsetenester, t.d. oppfølging i grupper, vil vere ein fordel.
- Ha god forståing for kva det inneber å arbeide som fysioterapeut med avtaleheimel.
Personlege eigenskapar
- Du er framleis nysgjerrig på faget og opplever deg aldri utlært.
- Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
- Du har godt humør og er motivert.
- Du har god arbeidskapasitet.
- Du kan motivere og leggje til rette for meistring, og involverer pasientane aktivt i behandlingsforløpet.
Vi gjer deg merksam på at tildeling av avtaleheimel med driftstilskot er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b). Vedtak vil bli fatta med utgangspunkt i kvalifikasjonsprinsippet, sett opp mot utlysingsteksten. Vedtaket kan klagast inn etter forvaltningslova kap. VI. Utlysing og tildeling vil følgje dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene fastsett i ASA 4313.
Kontaktinformasjon
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234Gitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderhaugstranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4922607280
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Valderhaug 4, 6050 Valderøya
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Fysioterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 394090277
- Sist endret
- 18. feb. 2025 06:38
Mer som dette

