Ønsker du å gjera ein forskjell i klasserommet kvar dag?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold skule
Stillingstittel
Lærarstilling i vikariat
Frist
24.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

To av våre kollega skal ut i farspermisjon etter påske, så me søkjer etter to nye kollega på ungdomstrinnet. Me søker etter kvalifiserte lærarar til to vikariat i 100% stilling frå 22.4.25 - 20.6.25. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Undervisning og oppfølging av elevar på ungdomstrinnet i samsvar med læreplanverket og lokale satsingar.
  • Tett samarbeid med kollegaer i profesjonelle læringsfellesskap for å utvikle undervisninga og dele erfaringar.
  • Tilpasse undervisninga til ulike elevar sine behov og føresetnader.
  • Bruke varierte arbeidsmetodar og vurderingspraksisar for å engasjere elevane i eiga læring.
  • Vere ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og utvikling står i fokus.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

Me ynskjer ein tydeleg og varm vaksen som trivs saman med elevar

  • Tydeleg klasseledar
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
  • Evnen til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God relasjonskompetanse. Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
394104891
Sist endret
18. feb. 2025 06:48