Vikariat miljøterapeut

Arbeidsgiver
Stavanger ungdomssenter - avd. Våland, Bufetat
Stillingstittel
Vikariat miljøterapeut
Frist
04.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ved Stavanger ungdomssenter, avd. Våland søkjer vi etter engasjert miljøterapeut.
Vi har for tida ledig eit 100 % vikariat som miljøterapeut (dag/kveld/langvakt) frå 31.03.25-30.06.25. 
I turnus jobbar ein kvar 4. helg. 

Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova §§ 5-1, 3-2. Ungdomane er i alder frå 13 - 18
år.
Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse
og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår
heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/stavanger-ungdomssenter.

Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og Våland. Begge avdelingane har 4 plassar
kvar.


Arbeidsoppgåver

  • Målstyrt miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
  • Ivaretaking av ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen 
  • Reinhald og matlaging.
  • Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga, personalmøter og ungdomsmøter.
  • Skriftleg dokumentasjonsarbeid og rapportskriving i Birk.
  • Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk,
    helseinstansar m.f
  • Hovudkontaktarbeid, og det som det inneber av kontakt med samarbeidspartar

Kvalifikasjoner

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi,
    fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
  • Sertifikat kl. B

Det er ønskeleg med erfaring og kjennskap frå:

  • Miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon.
  • Kjennskap til barns rettigheiter i institusjon, jfr. barnevernslova. 
  • Traumebevisst omsorg.
  • Kartleggingsverktøy som Aseba og Motiverande intervju.
  • Tryggleik og sikkerheit.

Personlege eigenskapar


Vi ser etter deg som:

  •  har gode evnar til å bygga relasjonar
  •  har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar
  •  er løysingsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte
  • er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov
  • har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team
  • har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig
    del av det miljøterapeutiske arbeidet
  • har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar
  • er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
  • har god fysisk og psykisk helse

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510
    spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar
    eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år., 1173 klinisk
    sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god
    tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt
    yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
    Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det
    meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
  • Stillingen er for tiden lagt til Stavanger ungdomssenter avd. Våland.
  • Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje legges med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Silje Bru Hauge, avd. leder, 92438577, silje.bru.hauge@bufetat.no

Arbeidssted

Rogalandsgata 18

4011 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat


Referansenr.: 4923002759

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.04.2025

Sluttdato: 01.06.2025

Søknadsfrist: 04.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rogalandsgata 18, 4011 Stavanger
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog, Helsepersonell
FINN-kode
394174532
Sist endret
18. feb. 2025 06:17