Servicemedarbeidar

Arbeidsgiver
Øysteseheimen langtidsavdeling
Stillingstittel
Servicemedarbeidar
Frist
04.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øysteseheimen er i utvikling. Me har i lengre tid jobba med oppgåvedeling. I samband med dette har vi no ledig ei stilling som sevicemedarbeidar. Som sevicemedarbeidar er du ein del av eit fagmiljø, og du jobbar tett på pasientane våre.

Stillinga har i hovudsak vakter på dagtid i vekene, men skal kombinerast med ei helgestilling som matvert.


Arbeidsoppgåver

- Vask av utstyr på pasientrom

- Skift av sengetøy

- Påfyll av utstyr på pasientrom og skyllerom

- Vask av pasientklede

- Halda orden på lager og skyllerom

Kvalifikasjonar

- Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg

- Erfaring frå serviceoppgåver i institusjon er ein fordel

 

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

- Evne til å jobba i ein uforutsigbar arbeidsdag

- Sjølvstendig, du har evne til å planlegga arbeidet ut i frå avdelinga sitt behov

- Gode samarbeidsevner, du jobbar tett med pleiepersonell

- Evne til å kommunisera med pasientane 

Vi tilbyr

Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon: Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 974 84 612

Arbeidsstad

Skårdalsvegen 20

5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad


Referansenr.: 4910662250

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 04.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
394218291
Sist endret
18. feb. 2025 12:59