Sommerjobb: Slåttehjelp / Vedlikehold / Renhold / Gårdsarbeid
- Arbeidsgiver
- Museumssenteret i Hordaland
- Stillingstittel
- Sommarjobb 2025. Slåttehjelp / Vedlikehald / (Handverkar) / Reinhald / Gardsarbeid
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Har du lyst på ein spennande, utfordrande og aktiv sommarjobb? Vil du jobba praktisk i historiske og pittoreske omgivnader?
Museumssenteret i Hordaland har omlag 20 ledige stillingar for sommarsesongen 2025, for deg som likar fysisk arbeid.
Vi søkjer slåttearbeidarar, hjelpearbeidarar innan vedlikehald og reinhald i MUHO. Her kan vi lova deg ein spennande sommarjobb på eit unikt museum, der du blir ein del av ei fin gruppe menneske. Vi treng deg som likar å jobba fysisk og har interesse og glede av å ivareta kulturlandskapet, er glad i historie og å ta vare på historiske bygningar.
Du må meistra norsk og/eller engelsk munnleg, vere imøtekommande og sjølvstendig.
Opplæring vil bli gitt. Vi ønskjer at dei som vert tilsette deltek på opplæring med førstehjelpskurs ?? juni 2025 i Salhus.
Slåttehjelp
Havrå søkjer 15-18 slåttefolk for sesongen 2025. Arbeidsperioden vil vere frå 16. juni til 18. juli, med mogleg forlenging av perioden dersom slåtten tar lenger tid. Arbeidstida vil normalt vere 08.00-15.30, men ein må rekne med at det kan bli lengre dagar ved behov. Vi ønskjer at du kan jobbe heile perioden.
Arbeidsoppgåvene vil vere å rake og hesje, ljåslått og høyberging. Vi treng også nokon med erfaring frå bruk av tohjuls slåmaskin.
Vi søkjer deg som er i god fysisk form, uthaldande og har eit godt humør. Du vil jobbe i arbeidslag, der våre faste tilsette er arbeidsleiarar.
Vi ønskjer at nokon av slåttehjelparane også er guidar som tek med besøkjande på omvisingar. For eit par av slåttefolka vil det vere aktuelt med ein kombinert stilling der ein òg har daglege omvisingar på Havrå. Spesifiser gjerne i søknaden om du har interesse for ei kombinert stilling. Omvisingar vil halde fram til midten av august slik at arbeidsperioden kan verta forlenga.
Oppstartsdagen er mandag 16. juni på Havrå, og vi ønskjer at du er tilgjengeleg for oppstart denne dagen.
Bygg og vedlikehald
Tekstilindustrimuseet søkjer 2 personar som likar å jobba praktisk med utvendig og innvendig vedlikehald av bygningar. Oppgåvene er mellom anna vasking, skraping og måling. Noko arbeid vil bli utført frå stillas.
Arbeidstid vil vere 7.30-15.00, arbeidsperiode er juni-august etter avtale. Estimert mengd: 100 % stilling i 3 veker for 2 personar.
Reinhald
Tekstilindustrimuseet søkjer 1 person som er effektiv og sjølvstendig, til å utføra vasking og reinhald i 4 veker i juli, omfang ca. 60 % stilling.
Arbeidstid er primært vekedagar, men det kan og bli naudsynt med tilkallingshjelp knytt til utleige og arrangement. Dette gjeld heile sommaren og utover hausten.
Kvalifikasjonar
MUHO har svært ulike avdelingar og vi treng ulik kompetanse for å løyse oppgåvene våre.
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er positive, løysingsorienterte, og som har interesse for å jobbe i museum.
Vi ser særskild etter personar som er fleksible og kan tenkje seg å jobbe i fleire av våre avdelingar etter behov.
For stillingane i denne utlysninga er det naudsynt å vere i god fysisk form, då oppgåvene krev fysisk arbeid.
Søkjar må vera 18 år.
Du vil få god opplæring!
Vi tilbyr
- Vi tilbyr spennande jobbar på unike museum, godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.
- Lønn etter tariff.
Våre verdiar er likeverd, openheit, kompetanse og engasjement, og vi søkjar deg som kan identifisere deg med desse verdiane.
Om våre avdelingar
Tekstilindustrimuseet forvaltar det spennande nasjonale industriminnet Salhus Tricotagefabrik, og museet har særleg ansvar for historia til den norske tekstilindustrien. Fabrikkanlegget vart freda i 2020. Museumsgjestane er lokale og internasjonale, og kjem for å sjå på den unike maskinparken og høyre om tekstilindustrien. Saman med galleriet, museumsbutikken og kaféen gjev museet kunnskapsformidling og gode opplevingar.
Osterøy Museum er eit av dei eldste folkemusea, med store kulturhistoriske samlingar som fortel om livet på strilelandet. I dag har museet særleg fokus på handverk og småindustri og kunnskapsarven knytt til bruk av ull og oppstadvev, bygningshandverk og treskoproduksjon. Osterøy museum feira 100 års jubileum i 2020.
Vestnorsk utvandringssenter på Sletta er ein liten landsby beståande av "Prærielandsbyen" og Emigrantkyrkja, der bygningane er henta frå USA frå utvandrartida. Museet har fokus på migrasjon både i fortid og notid, med den norske utvandringa frå Noreg til Amerika på 1800- og 1900-talet som bakteppe. Her er det omvisingar og ulike arrangement gjennom året, og ope kafé.
Havrå er eit klyngetun med 8 bruk på Osterøy, der det drives gard med utgangspunkt i tradisjonelle teknikkar frå 1800-talet. MUHO eig og driv to av bruka, driftar landskap knytt til to andre bruk, samt tek ansvar for fellesoppgåver ved klyngetunet. MUHO forvaltar ved dette eit landskap med viktige kulturbiologiske verdiar. Garden er freda som kulturminne, og er på lista over utvalde kulturlandskap.
Lyngheisenteret på Lygra er oppretta for å ta vare på kulturlandskapet på kysten og kunnskapen og tradisjonane knytt til dette landskapet. I samarbeid med lokale grunneigarar vert 1500 mål lynghei halde i hevd på autentisk vis. Her har ein museumsbygg, restaurant/kafé, utstilling, villsau og eit gamalt gardsbruk med moglegheit for overnatting. Det er fleire arrangement gjennom året.
Bevaringstenestene er ei felles bevarings- og konserveringsteneste for dei konsoliderte musea i Vestland. Avdelinga har ansvar for drift av eit fellesmagasin. Bevearingstenestene driv med konservering av gjenstandar og tekstilar, og har oppdrag for alle musea i Vestland fylke, private og offentlige aktører. I tillegg tek avdelinga betalte oppdrag for mellom anna Statsbygg, KORO, Riksantikvaren og norske museum. Avdelinga har eit stort konserveringsfagleg miljø.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 22
- Sted
- Bruvikvegen 272, 5286 Haus
- Stillingsfunksjon
- Annet, Håndverker, Driftsoperatør/vaktmester
- FINN-kode
- 394224310
- Sist endret
- 18. feb. 2025 12:08
Mer som dette


