Ambulansearbeidar

Arbeidsgiver
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Stillingstittel
Autorisert Ambulansearbeidar
Frist
05.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelinga er i dag organisert i 3 ambulanseseksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon. 

Vi søker etter autoriserte ambulansearbeidarar i ambulansetenesta ved:

Seksjon Nord: Osterøy (Lonevåg), Gulen (Dalsøyra), Austrheim, Alver (Knarvik) og Bergen (Åsane)

*1 x 100% vikariat ved Knarvik stasjon i perioden Mars 2025 til August 2026


Seksjon Sør/Vest: Godvik, Sotra, Askøy, Fana, Os, Austevoll

* 3 x 100% vikariat i perioden Mars 2025 til August 2026

Stillingane er ledige ved oppgitte stasjonar, men ein vil måtte pårekne å arbeide ved alle Ambulanseområda ved behov. Ved interne søkarar og overflytting kan det bli ledig ved andre stasjonar enn dei som er oppgitt. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.

Søkarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgande testar:

*  Fysisk test
*  Fagleg utsjekk
*  Køyreutsjekk


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1 og utrykkingskøyring (kode160)
  • Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting 
  • Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
  • God fysisk og psykisk helse
  • Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi tilbyr gode turnusordningar
  • Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
  • Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
  • Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
  • Gode kollegaer i eit triveleg miljø


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Morten Lønningen, Seksjonsleiar , 93462621

Tone Daltveit Mosevoll, Seksjonsleiar, 98260414

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4917703032

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 05.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
394239614
Sist endret
19. feb. 2025 06:29