Sjukepleiar eller Vernepleiar på natt - vikariat

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/ Vernepleiar natt - vikariat
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er
ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og
poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar,
1 psykolog, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk
sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og
treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin
spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har
tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om
brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar. 

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt
engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg
samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og
behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi,
treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi
samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av
familieterapeut.

Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleier eller vernepleier på natt frå april til midten av september 2025. Stillinga er på 50 - 60%. 

Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av pasientar
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling
  • Medikamenthandtering
  • Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling
  • Praktiske gjeremål på posten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vere sjølvstendig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
  • Vere tolmodig
  • Trivast med å arbeide på natt
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
  • Ha evne til å sjå pasientane sine behov
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Emma-Louice Jansdotter Håvåg, Leiar, 90713289

Trude Larsen, Leiar, 98800425

Arbeidsstad

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4923162908

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
394241774
Sist endret
18. feb. 2025 01:48