Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
Bømlo bu- og helsesenter
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å utgjere ein forskjell hos oss som sjukepleiar/vernepleiar?

Bømlo Bu- og Helsesenter, avdeling Post 2 SØR, har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar med moglegheit for auke til 100% stilling om ønskjeleg.

Post 2 er ein langtidsavdeling med 25 pasientrom fordelt over 3 etasjar, der kvar etg. fungera som ei eiga bueining.

Målet vårt er å skapa tryggleik og trivnad i eit positiv miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. 

Me søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar som er fagleg engasjert og som ynskjer å bidra til god sjukepleie og behandling til våre pasientar/bebuarar. 

 Stillinga inneber årsturnus med arbeid minimum kvar 3.helg. Oppstart etter avtale. 


Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
  • Sjukepleieprosedyrar.
  • Primærkontakt - ansvar for enkelte av pasientane.
  • Dokumentasjon i elektronisk system.
  • Samarbeid med tilsynslege, ergo/fysio, sjukehus, pårørande med fleire. 
  • Oppfylging av pasientar og pårørande.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleier/vernepleiar. Tredjeårsstudentar kan og søkje. 
  • Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg.

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
  • Er lojal og fleksibel.
  • Har fagleg engasjement og er løysingsorientert i di tilnærming.
  • Er god til å vurdere, prioritere og iverksette.
  • Har gode kommunikasjonsevner.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
     

Andre opplysingar

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Avdelingsleiar Chatrin Pedersen Risøy

Kontaktinformasjon

Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar, +47 474 52 732

Arbeidsstad

Leirdalen 25

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4923996985

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
394250945
Sist endret
19. feb. 2025 07:09