Postdoktor i antikke studiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Postdoktor i antikke studiar
- Frist
- 17.03.2025
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wPostdoktor i antikke studiar
Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i antikke studiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er hausten 2025, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Om forskargruppa og prosjektet
Den tverrfaglege forskargruppa Den antikke verden har som overordna mål å skapa ein samarbeidsplattform for forsking og undervisning i antikken og å samla forskarar frå ulike avdelingar og utdanningsinstitusjonar i Bergen. Gruppa arrangerer seminar anna kvar veke, ein gresk-lesegruppe kvar veke, og årlege workshops. Forskargruppa består av nesten 30 medlemmer og representerer den største konsentrasjonen i Noreg av tverrfagleg forsking på den antikke verda. Me utgjer difor eit utmerka, mangfaldig og stimulerande forskingsmiljø for den vellukka søkjaren.
Søkjaren bør foreslå eit prosjekt som handlar om materiell religion eller religion knytt til stad med fokus på makt, nettverk og heilagdom. Den vellukka kandidaten bør ha ei tverrfagleg tilnærming i forskinga si og vise at dei kan undervise i minst ein av fagdisiplinane arkeologi, historie eller religionsvitskap. Kandidaten bør særleg vise kompetansen sin i å bruke teoriar frå feltet religionsvitskap.
Det føreslåtte prosjektet bør falle innanfor tidsperioden frå den hellenistiske perioden til seinantikken. Geografisk bør prosjektet vere sentrert rundt Middelhavet og det antikke Nære austen. Prosjektet bør inkludere minst eitt av dei religiøse og kulturelle sentra Roma, Alexandria og Antiokia og deira rolle i skapinga av heilage rom.
Meir informasjon om prosjektsøknaden og relevante tematikkar som har prioritet i forskargruppa kan ein få ved å kontakte forskargruppeleiarane: førsteamanuensis Christian H. Bull (religionsvitskap) (christian.bull@uib.no, +47 55 58 31 56) og førsteamanuensis Marijn Visscher (antikkens historie) (margrete.visscher@uib.no, +47 55 58 34 87), eller professor Simon Malmberg (klassisk arkeologi) (simon.malmberg@uib.no, +47 55 58 22 00).
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis. Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg. Samla postdoktorperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.
Den vellukka kandidaten vil ha eit individuelt prosjekt vigd til eit emne innanfor dei overordna temaa skissert ovanfor. I tillegg vil ein del av det karrierefremjande arbeidet for stillinga vere vigd til å utvikla ein prosjektsøknad for forskargruppa. Prosjektsøknaden vil vere retta mot å oppnå ekstern finansiering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionvitskap, (klassisk) arkeologi eller historie. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
- Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
- Kunnskap i relevante antikke språk tel positivt.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet, samt ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Bruttoårsløn på kr 645 000 i full stilling (kode 1352). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
- Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna).
- Litteraturliste for prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- CV.
- Karakterutskrift og vitnemål som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og dokumentasjon som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
- Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
- Fullstendig liste over alle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
- Relevante attestar og stadfestingar.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Du finn meir informasjon om tilsettingsprosessen her.
Andre opplysningar
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Instituttleiar Teemu Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon +47 55 58 38 79,
- Professor Simon Malmberg (klassisk arkeologi), e-post: simon.malmberg@uib.no, telefon: +47 55 58 22 00,
- Førsteamanuensis Christian H. Bull (religionvitskap) e-post: christian.bull@uib.no, telefon: +47 55 58 31 56, eller
- Førsteamanuensis Marijn Visscher (antikkens historie) e-post: margrete.visscher@uib.no, telefon: +47 55 58 34 87.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Øysteinsgate 3, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
- FINN-kode
- 394256730
- Sist endret
- 19. feb. 2025 07:09