Vi søker barnehageassistent
- Arbeidsgiver
- Bemanningssenteret, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Barnehageassistent
- Frist
- 04.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søker deg som er glad i barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring.
Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester. Bemanningssenteret har no ledig 1 fast stilling i 100% som barnehageassistent. Stillinga inneber at ein ved behov skal arbeide ved alle dei 4 barnehagane til sjukehuset.
Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner.
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som barnehageassistent i alle dei fire barnehagane våre
- Bidra til at barna får god omsorg, læring og utvikling
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i dei ulike avdelingane i barnehagen
- Følgje den daglege rytmen til dei ulike avdelingane i barnehagen
- Arbeid både på små- og storbarnsavdelingar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå barnehage
- Gode norskkunnskapar
- God kunnskap om hygiene
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og fleksibel - like omskiftande arbeidsstader
- Meistre varierte arbeidsoppgåver
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Evne å setje deg inn i dei ulike barnehagane sine rutiner og planar
- Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast
- Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre
- Helse til fysisk krevande arbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
- God opplæring
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755Arbeidsstad
Jonas Lies vei 595021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4924551174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsbakken 42, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Annet
- FINN-kode
- 394306353
- Sist endret
- 19. feb. 2025 07:18
Mer som dette
