Helsefagarbeidar 80% fast stilling

Arbeidsgiver
Sulatunet, Sula kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 80% fast stilling
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.

Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen. 
Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.

Vi har ledig:
100% fast stilling som hjelpepleiar


Arbeidsoppgåver

  • Grunnleggande hjelpepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
  • Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper
  • Samarbeid og involvering av bebuar og familie 

Kvalifikasjonar

  • Til hjelpepleiarstillingane søkjer vi etter ein autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med eldre mennesker
  • Krav om politiattest for stillingane
  • Oppgi referansar

Personlege eigenskapar

  • Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
  • Gode faglege kunnskapar
  • Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner
  • Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø
  • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.

Vi tilbyr

  • Et positivt og engasjert fagmiljø
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
  • Forbedring av bemanningsplanlegging med planer om langvakter på helg
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
  • Lokalt tillegg for helsepersonell (5000,-)
  • Tillegg for vidareutdanning
  • Tillegg for ekstraarbeide sommar 2025
  • Rekrutteringstillegg
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Bente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar, 90153607, bente.mariann.strommen@sula.kommune.no

Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710251, Grethe.Juul.Molvaer@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 23

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune


Referansenr.: 4925264185

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 06.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Stadsnesvegen 23, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
394325152
Sist endret
19. feb. 2025 07:34