Logistikkmedarbeider

Arbeidsgiver
Felles støttefunksjon drift, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Logistikkmedarbeider
Frist
05.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på å sikre god pasientbehandling? Bli vår nye logistikkmedarbeidar!


Seksjon for forsyning og interntransport i Volda og Ålesund er ein del av Avdeling for logistikk og forsyning. Vi har ansvar for drift av lager, aktiv forsyning, interntransport, sengesentral og tekstilarbeid. Med tilsette både i Volda og Ålesund jobbar vi tett saman for å møte behova til sjukehuset. Vårt hovudfokus er å tilby støttetenester som legg til rette for trygg og effektiv pasientbehandling med høg kvalitet.

Har du erfaring innan logistikk og ser etter ein variert og meiningsfull kvardag? Då kan dette vere den perfekte jobben for deg!

Om stillinga
Vi har no ledig 1 fast stilling i 100 % og 1 vikariatstilling i 100 % i 6 månader.
Begge stillingane vil vere som logistikkmedarbeidar ved Ålesund sjukehus.

Arbeidstid: Dagtid.
Oppstart: Så snart som mogleg.

Her får du ein sentral rolle i å sikre at avdelingane våre har alt dei treng, slik at pasientbehandlinga går knirkefritt.


Arbeidsoppgåver

  • Varebestilling, varemottak og utlevering til avdelingar
  • Plassering og organisering av varer på avdelingslager
  • Bistå avdelingar med spørsmål knytt til varebestilling og logistikk
  • Sikre ryddige og oversiktlege varelager
  • Andre arbeidsoppgåver kan kome til

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med lagerarbeid, logistikk eller liknande oppgåver innan helsesektoren
  • Fagbrev innan logistikk er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
  • Gode datakunnskapar, med fordel kjennskap til SAP som lagerstyringssystem
  • God fysisk helse og form
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med høgt tempo og har stor arbeidskapasitet
  • Du er strukturert, har god ordenssans og tek ansvar for å sikre kvalitet i arbeidet
  • Du er løysingsorientert og handterer endringar på ein positiv måte
  • Du har eit sterkt ønske om å yte god service og bidra til ei trygg pasientbehandling

Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4903408551

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Startdato: 01.03.2025

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 05.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager, Koordinering, Logistikk og lager / Lagermedarbeider
FINN-kode
394336284
Sist endret
19. feb. 2025 10:01