Læreplass i helsearbeidarfaget

Arbeidsgiver
Helse og omsorg
Stillingstittel
Læreplass i helsearbeidarfaget
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruka deg sjølv i møte med andre menneske?

Kvam herad har ledige læreplassar frå hausten 2025. Kommunen er godkjent læreverksemd innan fleire ulike fag og samarbeider med Handalag opplæringskontor om lærlingeordninga. Det vil vera eit stort behov for helsefagarbeidarar i åra framover og Kvam herad satsar på rekruttering av lærlingar innan dette faget.

Det er til ei kvar tid omlag 15-20 helsefagarbeidarlærlingar under utdanning i kommunen. Det vert rekruttert nye lærlingar årleg - i hovudsak med 2-årig læretid, som TAF-lærling eller gjennom eit individuelt tilpassa opplæringsløp.

Kvam herad legg til rette for faste tilsette som ønskjer å kvalifisera seg som helsefagarbeidar. Det er krav om 5 års praksis i 100 % stilling for å kunne gå opp til fagprøve. I tillegg må du ta teorieksamen.

Generelle spørsmål om lærlingeordninga kan rettast til: Ingrid Rykkje Straumstein tlf. 404 505 08  ved Handalag Opplæringskontor.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver blant ulike pasient- og brukargrupper
  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar 

Kvalifikasjonar

  • Ha interesse og motivasjon for fagfeltet du søkjer, og ha eigenskapar som gjer deg eigna

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Motivert og engasjert
  • Open for å motta opplæring og rettleiing
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • God fagopplæring i positive arbeidsmiljø
  • Dyktige instruktørar som rettleiarar
  • Arbeidsvilkår i samsvar med vanlege kommunale vilkår

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317

Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215

Kjersti Hanssen, Leiar Tenester til heimebuande, +47 482 08 990

Arbeidsstad

Grovagjelet 16

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad


Referansenr.: 4925329788

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Søknadsfrist: 16.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
394355956
Sist endret
19. feb. 2025 12:39