Vil du jobbe med kommunikasjon i ein internasjonal kontekst?
- Arbeidsgiver
- Norec
- Stillingstittel
- Trainee kommunikasjon
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Trainee
Beskrivelse
Vil du jobbe med kommunikasjon i ein internasjonal kontekst?
Er du nyutdanna, nysgjerrig og lysten på å lære meir? Ønskjer du ein unik start på karrieren innan kommunikasjon, der du får jobbe med alt frå innhaldsproduksjon til strategisk kommunikasjon?
Norec søkjer ein kommunikasjonstrainee i eitt år frå august 2025. Dette er ei moglegheit til å lære meir om kommunikasjon i ein statleg bistandsetat, samtidig som du får innsikt i internasjonale utviklingsspørsmål og utveksling som eit utviklingspolitisk verktøy. Som trainee hos oss får du jobbe tett med dyktige og engasjerte fagfolk som brenn for faga sine.
Lurer du på korleis det er å vere trainee i Norec? Vår tidlegare trainee Ane deler erfaringane sine i denne artikkelen.
Noko av det du vil jobbe med som trainee i Norec
- Formidle Norec sitt arbeid eksternt og internt.
- Produsere innhald til sosiale medium, lage nyheitsbrev og oppdatere nettsider.
- Foto og video.
- Utforme grafiske produkt og koordinere grafiske tenester.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå eller høgare innan kommunikasjon, journalistikk, PR, digitale medium eller liknande.
- Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk, til dømes spansk, er også nyttig i stillinga.
- Gode IT-kunnskapar.
- Det er ein fordel om du har erfaring med Adobe-pakken og innhaldsproduksjon til digitale plattformer.
Om deg
Vi søker deg som:
- Likar ein variert arbeidskvardag med både kreative og operative oppgåver.
- Har interesse for internasjonale spørsmål og utviklingspolitikk
- Evner å jobbe sjølvstendig, er initiativrik og prioritere oppgåver effektivt.
- Har gode samarbeidsevner og kan trivast med å jobbe med oppgåver for heile Norec.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil vektlegge personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.
Vi tilbyr
- Praktisk erfaring med strategisk kommunikasjon i ein statleg etat.
- Erfaring med foto, video og grafisk design, inkludert praktisk arbeid med visuell historieforteljing.
- Ein unik sjanse til å jobbe med internasjonal kommunikasjon i eit miljø med engasjerte fagfolk og globale partnarskap.
- Innsikt i internasjonalt utviklingsarbeid og utveksling som utviklingspolitisk verktøy.
- Moglegheit til å bygge eit sterkt profesjonelt nettverk.
- Ein lærerik og variert arbeidskvardag i eit engasjert og kompetent miljø.
Stillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ. Lønn frå 452 700 kroner til 506 100 kroner. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Les dette før du søker:
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, Oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen.Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.
Om traineeordninga
Som Framtidsfylket-trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
- Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2025 til august 2026
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fjellvegen 9, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Markedsfører, PR og informasjon, Annet
- FINN-kode
- 394374410
- Sist endret
- 19. feb. 2025 01:07
Mer som dette


