Dataetterforskar
- Arbeidsgiver
- FEFE - Avsnitt for digitalt politiarbeid, Møre og Romsdal politidistrikt
- Stillingstittel
- Dataetterforskar
- Frist
- 06.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du opptatt av teknologi og vil bidra med å bekjempe kriminalitet i det digitale rom? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til å styrke politiet sin kapasitet på datatekniske undersøkingar, internettrelatert etterforsking og digital sporsikring.
Vi ser etter deg som ønskjer å gjere ein forskjell og som vil inngå i eit kreativt og kompetent spesialistmiljø av dataingeniørar/spesialetterforskarar og datautdanna politipersonell i Møre og Romsdal politidistrikt.
Avsnitt for digitalt politiarbeid har som primæroppgåve å utføre datatekniske undersøkingar for politiet i samband med straffesaker, samt å gjennomføre avansert innsamling, analyse og dokumentasjon av digitale spor i heile Møre og Romsdal. Som ein del av avsnittet vil du gjennom å bruke din digitale kompetanse vere med på å etterforske alvorlege straffesaker.
Vi har eit tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) på KRIPOS, og deltar også inn i nasjonale fagfora.
Stillinga er stadsplassert i Molde, og er underlagt Felles eining for etterforsking, førebyggande og etterretning (FEFE) i Møre og Romsdal politidistrikt.
Arbeidsoppgåver
- Datatekniske undersøkingar (sikring, analyse og dokumentasjon) for politidistriktet i samband med etterforsking av straffesaker
- Utvikling av metodar for sikring og analyse/tilrettelegging av elektroniske spor frå ulike lagringsmedium, andre databerarar og sporstader
- Presentasjon av analyser og sikringsarbeid for domstolane
- Halde deg oppdatert innanfor fagfeltet gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
- Undervising, rettleiing og kompetansedeling innanfor fagområdet internt i politidistriktet eller overfor eksterne samarbeidspartnarar
- Vere ein ressursperson/inspirator/pådrivar innanfor fagfeltet for politidistriktet
- Andre oppgåver pålagt av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politi(høg)skolen
- Interesse for datateknologi
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Alle fagstudier foregår på engelsk.
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Du må pårekne å gjennomføre NCFI 1 og 2A innen digital forensics ved Politihøgskolen.
For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent/spesialist, gjeld i tillegg:
- Tre års erfaring innan fagområdet datatekniske undersøkingar
- Studiet NCFI 1 og 2A innan digital forensics ved Politihøgskolen. Anna relevant utdanning innan IT eller lang relevant erfaring kan kompansere for kravet for å bli vurdert til politioverbetjent/spesialist
Ønskeleg
- NCFI 1, 2A og andre relevante moduler innan digital forensics ved Politihøgskolen
- Anna utdanning/fagbrev innan IT
- Erfaring med sikring og analyse av digitale spor
- Dataverktøykurs innan digital forensics som til dømes Cellebrite, Axiom, X-ways Forensics og Griffeye
- Erfaring med bruk av analyseverktøy som til dømes Cellebrite, Axiom, X-ways Forensics og Griffeye
- Fortruleg med operativsystema Linux, MacIntosh og Windows
- Kunnskap innan eit eller fleire av desse områda: Operativ- og filsystem, nettverks- og/eller trådlausteknologi, utsortering av beslagsfritt materiale, sikring av data frå skytjenester, dataanalyse, kryptering, virtualisering, kryptovaluta
- Erfaring frå etterforsking av digitale spor
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig på ny teknologi
- Løysings- og utviklingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Analytisk med god gjennomføringsevne
- God relasjonsbygger som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Eit levande tekmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse
- Politibetjent 3 - brutto årslønn på kr. 585 000 til kr. 680 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 525 000 til kr. 580 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 500 000 til kr. 560 000
- Politioverbetjent (stillingskode 0287), frå kr. 655 000 til kr. 710 000 brutto per år ved innfridde kvalifikasjonskrav for politioverbetjent
- Godtgjerelse etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Tom Erik Erlandsen, Avsnittsleiar, 70118700Arbeidsstad
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4921360331
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 06.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 2, 6415 Molde
- Stillingsfunksjon
- Annet, IT utvikling / Utvikler (generell), Ingeniør
- FINN-kode
- 394492858
- Sist endret
- 20. feb. 2025 11:39
Mer som dette
