Sommarjobb på Øystre Slidre helsetun

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Sommarjobb på Øystre Slidre helsetun
Frist
30.04.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

I samband med ferieavvikling sommaren 2025 er det behov for vikarar ved:

  • Helsetunet, institusjonstenester; i pleie og på kjøkken
  • Helsetunet, avd. førebygging og meistring (heimesjukepleia og kortids- og rehab. avd)
  • Stogovakter på Helsetunet. Passar for ungdom frå 15 år, og oppgåvene er sosiale aktivitetar saman med bebuarane
  • Ergo- og fysioterapeuttenesta
  • Vindestogo (dagsenter for personar med demens)

Vi har i hovudsak behov for vikarar i vekene 26-34. Om du jobbar minimum 80% i seks veker mellom veke 26 og veke 34, får du ein bonus på 5 000 kr i tillegg til vanleg løn.  Du må i søknaden spesifisere ynskje om arbeidsområde (ev. prioritet), tidsrom og stillingsstorleik. Det vil kunne vera behov for vikarar også utanom sumarferien. 

Øystre Slidre kommune har nytt helsetun med institusjonsplassar og bustadar med heildøgns bemanning. Bygget er eit moderne bygg som gir deg gode mogleheiter til å bli kjent med bruk av velferdsteknologi i det daglege arbeidet. Helsetunet er også base for heimetenesta som yter bistand til heimebuande i kommunen.

Søknadar vil bli vurdert og kontakta fortløpande. Ta gjerne kontakt om du er nysgjerrig på å arbeide hjå oss og ønskjer meir info

 Vi ønskjer deg velkommen til Øystre Slidre helsetun!


Arbeidsoppgåver

  • Delta i  daglege oppgåver på dei ulike tenestestadane
  • Stillingane på institusjon og i heimeteneste er i turnus  med moglegheit for arbeid dag, kveld og natt.
  • Ergo- og fysioterapeuttenesta held til på helsetunet og har arbeid på dagtid
  • Vindestogo, dagsenter

Kvalifikasjonar

  • 3-årig utdanning eller fagbrev innan helse- og omsorgsfag. Det er krav om norsk autorisasjon. 
  • Studentar innan helse- og omsorgsfag
  • Kjøkkenet søkjer kokk eller kokkemedarbeidar. Gjerne med fagbrev, men ikkje eit krav 
  • Du må levere politiattest før oppstart
  • Du bør ha førarkort for bil for å kunne arbeide i  Førebygging og meistring (heimetenesta) 
  • Stogovakter må vere minst 15 år

Personlege eigenskapar

  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Vi ønskjer at du er sjølvstendig, fleksibel, stabil,positiv, løysningsorientert, og at du har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Vi kan tilrettelegge turnus, slik at dei som ønskjer kan jobbe innan fleire tenesteområde (t.d. legekontor/helsetun eller legekontor/tilrettelagte tenester)
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • God opplæring og veiledning, opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar med fokus på gode opplevingar for pasient, pårørande og kolleger
  • Det kan vere moglegheit for arbeid både før og etter sommarferieperioden
  • Gode turmoglegheiter. Vi kan garantere deg unike naturopplevingar og nærleik til flotte turområde
  • Godt utval av festivalar og moglegheit for kulturopplevingar
  • Vi kan bistå med å finne ein stad å bu
  • Det kan vera moglegheit å jobbe i ulike avdelingar innan helse og omsorg

Kontaktinformasjon

Thora Ranum Nyhagen, Demenskontakt, Vindestogo, 61342870

Kirsti Bergene, Avdelingsleiar Smørkøll, korttids/rehab, 95811193

Marie Bjørneseth Storrusten, Avdelingsleiar fysio- og ergoterapi, 93230895

Anne Toril Kjonerud, Kjøkkensjef, 41520204

Grete Veisene, Avdelingsleiar Midthøgde (langtidsavdeling) og natt, 45453028

Åse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, 90836809

Anne Bråthen, Avdelingsleiar Juvike (avdeling for personar med demens), 91993201

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2120

2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune


Referansenr.: 4923015138

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 30.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
394506481
Sist endret
20. feb. 2025 12:28