Overlege
- Arbeidsgiver
- Kirurgisk serviceklinikk/ Smerte og palliasjon/ Seksjon for smertebehandling, He
- Stillingstittel
- Overlege
- Frist
- 16.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du å arbeide i eit tverrfagleg miljø med spennande diagnoseuavhengige problemstillingar?
Nå er det ledig 100% fast stilling for overlege i Smerte og palliasjonsavdelinga, for tida ved Seksjon for smertebehandling.
Seksjon for smertebehandling er ein seksjon i Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA), i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). SMEPA består av Seksjon for smertebehandling, Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest. Les meir om oss: Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA) - Helse Bergen HF.
Stillinga er for tida knytt til Seksjon for smertebehandling som består av poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team.
Poliklinikken får tilvist omkring 900 – 1000 pasientar årleg. Vi arbeider hovudsakleg i tverrfaglege team beståande av lege, psykolog og fysioterapeut. Seksjonen vurderer pasientar, set i gang behandlingsløp og gir råd til primærhelsetenesta. Vi tilbyr i tillegg ulike typar gruppebehandling. Vi har jobbspesialist frå NAV knytt til avdelinga og har stort fokus på samhandling med primærhelsetenesta.
Akuttsmerte teamet mottar tilvisingar frå heile sjukehuset og bidrar med råd og tilsyn til innlagde pasientar med samansette og kompliserte akutte smertetilstander.
Det er fleire prosjekt i seksjonen, det er nasjonalt forskingssamarbeid under planlegging og vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tilbodet vårt.
Seksjonen har eit tett samarbeid med fagmiljøa både regionalt og nasjonalt.
I SMEPA er det stor breidde i legegruppa sin kompetanse. I seksjon for smertebehandling er det tilsett anestesilegar og fysikalsk medisinarar. I palliativt senter er det tilsett kreftlegar, gynekologar, lungelege, infeksjonsmedisinar og anestesilegar, i alt 16 legar fordelt på 10 årsverk. No treng vi å styrke legebemanninga og vi håper du som er nysgjerrig på faget, engasjert i pasientar med samansette problemstillingar og liker å jobbe tverrfagleg i et triveleg miljø, vil være med å prege utviklinga av Norges eldste, tverrfaglege smerteklinikk.
Avhengig av bakgrunn, kompetanse og erfaring vil det bli gitt nødvendig opplæring for stillinga.
Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no
5021 Bergen
Referansenr.: 4925632719
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025

Arbeidsoppgåver
Poliklinikk for langvarige smerter:
- Delta i tverrfagleg vurdering og behandling av pasientar
- Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell i ulike samarbeidsmøter
- Du vil vera delaktig i undervising og rettleiing av legar, studentar og andre personell- grupper
Akuttsmerteteamet:
- Tilsynsfunksjon for oppfølging av innlagte pasientar, både barn og vaksne, med vanskelege akuttsmertetilstandar.
- Bidra til gode pasientforløp når det gjelder smertevurdering pre- og postoperativt,
- Tett samarbeid med andre leger Kirurgisk serviceklinikk
- Mye kontakt med andre sjukehus avdelingar ved tilsyn, undervisning, faglege diskusjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning i relevant fagområde er ønskeleg (t.d. allmennmedisin, fysikalsk medisin, anestesiologi, psykiatri, geriatri, nevrologi )
- Legar i utdanningsløp til relevant fagområde kan også søke
- Forskingserfaring er ein fordel
- Det er ønskeleg at den som blir tilsett også tar kompetanseområde i smertemedisin
- Kompetanse og erfaring innan smertebehandling er ønskeleg
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på klinisk erfaring
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar/pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du bidrar positivt i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Tett samarbeid med andre seksjonar i KSK og med ulike avdelingar på sjukehuset
- I seksjon for smertebehandling er det for tiden ikkje vaktordning, men arbeid på dagtid.
- Dersom søkjar har interesse for og/eller kompetanse i palliativ medisin, vil avdelinga sjå nærare på om det er mogleg å kombinere stillinga på tvers av seksjonane
- Avdelinga har utdanningsutval for legene og også felles undervisningar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tone Høivik, Seksjonsoverlege, 55976857, tone.gulli.hoivik@helse-bergen.noMarte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4925632719
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Lege, Helsepersonell, Lege / Overlege
- FINN-kode
- 394530346
- Sist endret
- 21. feb. 2025 06:26
Mer som dette