Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie

Arbeidsgiver
Spesialutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie
Frist
15.04.2025

Beskrivelse

Har du motivasjon og interesse for å vidareutdanne deg som spesialsjukepleiar? 
Då kan dette vere noko for deg! Vi ønsker søkarar som har eit sterkt fagleg engasjement og som ønsker å ta dette vidare i form av ei vidareutdanning.  

Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiefaget og helsetenesta. Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner. Du er også  kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysningar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal. 

Vi tilbyr utdanningsstillingar i følgande studieretningar: 

  • Anestesisjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)
  • Intensivsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus)
  • Operasjonsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus)
  • Akuttsjukepleie (kun Ålesund sjukehus)
  • jordmorfag (kun Ålesund sjukehus)

Primært gjeld tilbodet til sjukepleiarar som ikkje allereie er spesialsjukepleiarar. 
Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tjenestebevis (datert 2025) og referansar innan 15. april 2025. Ansvarlege leiarar i dei ulike fagmiljøa avgjer kven som får tilbod om utdanningsstilling. 

Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut frå gjeldande retningsliner. Hugs å søke om opptak på aktuell studiestad innan gjeldande frist, og søk om tidleg opptak der mogleg. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan disse studiane.  

Vi håper å høyre frå deg! 
 

(SNR, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus)

Arbeidsoppgåver

  • Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og i praksisstudiar 
  • Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår 
  • Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehusa i føretaket, som hovudregel i tredelt turnus.  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie 
  • Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet 
  • Relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel  
  • Oppgitt referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold 

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit blir vektlagd

Vi tilbyr

  • Utdanningsstillingane har tilbod om 90 % løn i 1,5 år av studietida (tre semester, 90 studiepoeng). Fjerde semester er ikkje lønna, men mastergraden (30sp) kan utførast på deltid etter avtale med næraste leiar. 
  • For master i jordmorfag er utdanninga 2 år (fire semester, 120 studiepoeng), 100% løn og 3 års bindingstid 
  • Tilbod om fast stilling som spesialsjukepleiar i HMR etter bindingstida 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Hugs å sende søknad til aktuell utdanningsinstitusjon innan studiestadens søknadsfrist. Det er mogeleg å søke om tidleg opptak ved utdanningsinstitusjonane (1. Mars) og Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som søkjer utdanningsstilling om å nytte denne moglegheita. 

Om du har søkt utdanningsstilling og fått tilbod om studieplass må du snarleg gi oss tilbakemelding via e-post til: Utdanningsstilling@helse-mr.no  

Søknadsfristen for alle utdanningsstillingane i Helse Møre og Romsdal er 15.04.24.  

Kontaktinformasjon

Eli Bente Langva, Avdelingsjef, kvinner, barnemedisin og habilitering Ålesund, 46 41 27 25, Eli.Bente.Langva@helse-mr.no

Bjørg Flø, Seksjonsleiar, Volda, 95 13 49 38, Bjorg.Flo@helse-mr.no

Elin K. Molvær Dybvik, Avdelingssjef, operasjon , intensiv og akutt Ålesund, 47 62 86 45, Elin.K.Molver.Dybvik@helse-mr.no

Trude Gudbrandsen Solenes, Kvalitetsrådgivar, Hjelset, 99 01 11 44, Trude.Gudbrandsen.Solenes@helse-mr.no

Guro Berge, Utdanningssjef, 90 51 31 95, guro.berge@helse-mr.no

Øyvind Eriksen, HR-rådgjevar, 70 10 68 96, Oyvind.Eriksen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4921793617

Stillingsprosent: 100%

Utdanningsstilling

Startdato: 18.08.2025

Sluttdato: 21.12.2025

Søknadsfrist: 15.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
394598692
Sist endret
21. feb. 2025 07:26