Barnevernskonsulent - kontaktperson i barnevernstenesta
- Arbeidsgiver
- Tenesteområde Barnevern, Haram kommune
- Stillingstittel
- Barnevernskonsulent - kontaktperson i barnevernstenesta
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn og unge i Haram kommune?
Barnevernstenesta har ledig fast stilling som barnevernskonsulent frå mars 2025, og søker deg som har eit stort engasjement for barn, unge og deira familiar.
Vi er ei teneste i jamn utvikling, i samsvar med innføring av nytt lovverk og oppvekstreforma. Vi arbeider etter generalistmodellen, og ein har gode moglegheiter for å påverke utviklinga i tenesta og delta i ulike prosessar på arbeidsplassen.
Haram barnevernteneste er organisert under tenesteområdet Livsløp. Her ligg det til rette for tverrfagleg samarbeid og gode løysingar for barn og familiar i kommunen.
80% fast stilling, med moglegheit for 100% i eitt år og eventuell forlenging til 100% etter dette.
Vi ønskjer deg som er engasjert og motivert til å vere med og skape ei god og robust barnevernsteneste for kommunen sine barn og familiar.
Ved interne søkjarar kan det bli aktuelt med ei vikarstilling.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på samarbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre.
Vi jobbar for å spele kvarandre gode.
Vil du bli med på laget?
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter Barnevernsloven
- Fagleg oppfølging av barn, unge og familiar med rett til barnevernstiltak
- Rettleie foreldre, barn og unge
- Kartleggje, iverksette tiltak, evaluere og justere tiltak overfor barn og unge
- Samarbeid med aktuelle instansar rundt enkeltbarn
- Representere barnevernet i barneverns- og helsenemnda, tingrett og lagmannsrett
- Bidra til god samhandling og ressursutnytting i tenesta
- Deltaking i forebyggjande fora
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom
- Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning, gjerne barnevernsfagleg mastergrad, ettersom det blir innført som kompetansekrav frå 2031
- Ønskjeleg med rettleiingskompetanse
- Ønskjeleg med erfaring frå saksbehandling i kommunalt eller statleg barnevernsarbeid
- Forståing for mandatet til barneverntenesta
- God på relasjonsarbeid
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Sertifikat klasse B
- Personleg eigna
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, trygg, varm og audmjuk i møte med barn og foreldre
- Du må vere løysingsorientert, strukturert, kunne planleggje og ha god oversikt
- Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo, og du har stor arbeidskapasitet
- Du tar utfordringar, evner å skape godt arbeidsklima, og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Vi tilbyr
- Eit spanande fagfelt med varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing
- Deltaking i å utvikle barnevernstenesta i Haram
- Disponibel tenestebil
- Gratis parkering i parkeringshus
- Arbeidsstad i moderne tenestehus i Brattvåg
- Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Ann Katrin Soleng Stephansen, Tenesteleiar, 90035025, ann.katrin.soleng.stephansen@haram.kommune.noGunn Marit Longva, Fagleiar, 97124137, gunn-marit.longva@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4922547580
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 40, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 394601458
- Sist endret
- 21. feb. 2025 07:59