ID 2287 Pedagogisk-psykologisk rådgjevar - Førebyggjande tenester

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

PPT har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Kompetanseløft for <> står sentralt i PPT og våre 3 samarbeidskommunar saman med implementering av ny Opplæringslov.

Me ønsker oss ny medarbeidar som kan bidra til samarbeid og støtte til skulane og barnehagane for å gje eit inkluderande opplæringstilbod.

Me søkjer etter pedagogisk-psykologisk rådgjevar, i fast 100% stilling.

Eininga er i ein omorganiseringsprosess, noko som kan gjer at innhaldet i stillinga kan verta noko endra i oppgåve og ansvar. Dette vil vera avklart før endeleg tilsetting i stillinga.

Oppgåvene i PP-tenesta er:

  • Utvikling og endringsarbeid i barnehagar/skoler

  • Sakkunne arbeid etter opplæringslova/ barnehagelova

  • Konsultasjonar, veiledning og rådgjeving

  • Observasjon, kartlegging og utredning av barn og unge

  • Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre hjelpeinstansar

  • Fast kontaktperson i barnehage og/eller skule

**Me ser etter ein fagperson med fylgjande kvalifikasjonar: **

  • Erfaring med arbeid i barnehage og/eller i grunnskulen

  • Erfaring og kompetanse med rådgjeving og rettleiing er ei føremon

  • Ynskjeleg med master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda

  • Interesse og/eller erfaring med utviklings- og endringsarbeid

  • Systematisk og sjølvstendig

  • Jobbar godt saman med andre

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Personleg eignaheit vil verta vektlagt.

  • Noko reiseverksemd mellom våre tre kommunar må påreknast, førarkort er naudsynt.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Ingrid Helen Mjelde: ingrid.helen.mjelde@stord.kommune.no tlf 93031507 eller Einingsleiar Birthe Blokhus, birthe.blokhus@stord.kommune.no tlf 92064415

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
394602398
Sist endret
21. feb. 2025 08:03