Sjukepleiarstilling med bonusordning, i inntil 100% fast
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Sone BBD. Tilsetjing 100% fast st. sjukepleiar frå snarast/etter avtale
- Frist
- 21.08.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kommunen tilbyr løn over tariff for kvalifisert tilsett som jobbar turnus. Det er også knytt bonus til denne konkrete stillinga på kr 100 000 ved bindingstid i to år. Bonus vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra. Vi har også innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast ved rullering av lønspolitisk plan.
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Det kan ved behov vere aktuelt med arbeid i andre avdelingar.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Denne stillinga har i utgangspunktet turnus 3. kvar helg, men det er moglegheit for å kunne jobbe langvakter kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gulafjfordvegen 1519, 5960 Dalsøyra
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 394623129
- Sist endret
- 21. feb. 2025 01:59
Mer som dette
